Straum er ei stor utgift for mange norske hushaldningar. Samtidig opplever mange forbrukarar at straummarknaden er uoversiktleg og vanskeleg å sette seg inn i. Straummarknaden endrar seg heile tida, og straumselskapa utviklar stadig nye avtaletypar. Det er derfor heilt avgjerande at straumselskapa følgjer lova, og at straumkundane får dei opplysningane dei har krav på.
Våren 2023 kontrollerte Forbrukartilsynet marknadsføring, prislister og opplysningar om angrerett frå dei 19 største straumleverandørane i landet.
– Ein slik kontroll burde vært unødvendig for å få straumbransjen til å innrette seg etter lova, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.
Det siste året har Forbrukartilsynet brukt mykje tid på å rettleie straumleverandørane i kva krav lova stiller til marknadsføring, avtalar og opplysningar til straumkundane. Likevel opplever vi at straumselskapa har manglande kunnskap om lovverket som skal verne forbrukarane.
Har gjort endringar
Kontrollen i vår viste tydeleg at det er heilt nødvendig at tilsynet følgjer straumselskapa tett. Forbrukartilsynet fann nemleg lovbrot hos alle dei 19 straumselskapa.
Før sommaren fekk alle dei 19 selskapa brev om at dei måtte rette opp lovbrota. Etter kontrollen har vi halde fleire møte med flesteparten av straumleverandørane, og hatt tett oppfølging for å hjelpe selskapa til å rette opp i brota.
Alle selskapa har gjort endringar i marknadsføring, prislister og opplysningar om angrerett etter rettleiinga frå Forbrukartilsynet.
Alvorlege lovbrot
– Nokre av lovbrota vi fann var særs alvorlege. Å manipulere standardopplysningar om krav på tilbakebetaling ved bruk av angreretten, er til dømes eit lovbrot som kan få store konsekvensar for både kunden og straumselskapet sjølv. Det er bra selskapa no har retta opp, men slike lovbrot skulle aldri skjedd i utgangspunktet, seier Rønningen.
Forbrukartilsynet meiner det er ein høg risiko for liknande lovbrot frå straumleverandørane i tida som kjem. Straumbransjen er i stadig endring og utvikling, både med tanke på endringar i marknadsføringa og utvikling av nye avtaletypar. Dette gjer at risikoen for framtidige lovbrot aukar.
For å sikre at straumselskapa følgjer lova framover, har Forbrukartilsynet tatt i bruk tvangsmulkt. Før sommaren varsla vi tvangsmulkt mot 14 av dei 19 selskapa. No er tvangsmulkta vedtatt. Det betyr at dei 14 selskapa må betale ei bot på 100 000 kvar veke dersom dei bryt lova igjen.
– Vi forventar at straumselskapa tek forbrukarvernet meir på alvor framover. Skjer ikkje det, blir vi nøydd til å bruke dei sanksjonsmidla vi har, avsluttar Rønningen.