Forbrukartilsynet blir kontakta av forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret, men som på grunn av ein medlemskap i ein medlemsorganisasjon eller eit fagforbund likevel blir oppringde om tilbod frå samarbeidspartnarar til organisasjonane. Denne typen telefonsal er ikkje lovleg, verken frå organisasjonane sjølv eller får samarbeidspartnarane.
Ulovleg
Næringsdrivande kan ikkje ringe til personar som har reservert seg mot telefonsal med mindre forbrukaren er kunde hos den næringsdrivande, eller aktivt har takka ja til å bli oppringd. Og i slike tilfelle kan organisasjonen berre kontakte kunden om sine eigne varer eller tenester – tilsvarande dei kundeforholdet bygger på.
– Forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal, skal ikkje bli oppringde om tilbod frå samarbeidspartnarar til organisasjonar dei er medlem av. Dette gjeld også i situasjonar der forbrukarane får særlege fordelar hos desse aktørane på grunn av medlemskapane sine, seier direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth.
Orienteringsbrev
Forbrukartilsynet har sendt eit orienteringsbrev til rundt 50 medlemsorganisasjonar, fagforbund o.l. for å minne dei om reglane som gjeld ved telefonsal.
I brevet minner vi også om at Forbrukartilsynet kan fatte vedtak med økonomiske sanksjonar om reglane blir broten.
– Mange forbrukarar opplev telefonsal som ein svært påtrengande form for marknadsføring, og reserverar seg difor mot dette. Vi forventar at organisasjonane følger reglane. Om ikkje kan vi fatte vedtak med sanksjonar, seier Haugseth.