Det var i sommar at Forbrukartilsynet fatta vedtak om lovbrotsgebyr på 200 000 kroner til tryggleiksselskapet Mysafety AS.
Mysafety tok saka til Marknadsrådet, og ønskte i første rekke at at lovbrotsgebyret skulle opphevast. Marknadsrådet fann at det var tale om eit vesentleg brot på ein klar bestemmelse i marknadsføringslova, og at Forbrukartilsynet var i sin fulle rett til å fatte vedtak om lovbrotsgebyr.
– Marknadsrådet stadfestar at det er riktig å reagere med lovbrotsgebyr mot klare og vesentlege brot på telefonsalsreglane, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.
Lovbrotsgebyr redusert til 150 000 kroner
Forbrukartilsynet sette i utgangspunktet lovbrotsgebyret på 200 000 kroner, men etter behandling i Marknadsrådet blir lovbrotsgebyret redusert til 150 000 kroner. Marknadsrådet grunngjer avgjerdsla i at overtredelsen ikkje synes å ha hatt noe stort omfang, og at den øknomiske stillinga til selskapet tilseier eit lågare gebyr.