Forbrukartilsynet held fast på at deler av verksemda til predikantane er i strid med lova.
Forbrukartilsynet krev at marknadsføringa blir stansa eller endra innan 7. desember. Viss ikkje, blir begge misjonane varsla om at dei må betale 30 000 kr i tvangsmulkt for kvar veke dei ikkje innrettar seg etter lova. Dei to predikantane er i tillegg varsla om 10 000 kr i veka i personleg tvangsmulkt.
Reknast som alternativ behandling
Båe predikantane i denne saka dreiv tidlegare teletorgtenester, men desse er lagt ned etter at Forbrukartilsynet tok opp saka tidlegare i år. Forbrukartilsynet har no vurdert at de delane av forbønverksemda som framleis skjer mot betaling, må reknast som alternativ behandling.
– Når det er tale om ein profesjonelt organisert verksemd som tar betalt for tenester som marknadsføres med å kunne heile sjukdommar, har vi vurdert dette som alternativ behandling, seier direktør i Forbrukartilsynet, Elisabeth Lier Haugseth.
For Misjonen Jesus Leger skjer forbønene mot betaling ved inngangspengar til heilingsmøter eller ved sal av bøker som marknadsføres med å kunne heile sjukdommar. Misjonen Helse for Hele Mennesket tilbyr forbøn under betalte konferansar på sitt eige hotell, og gjennom DVD-er og CD-er som marknadsføres med å kunne heile sjukdommar.
– Regelverket for marknadsføring av alternativ behandling er strengt, og man kan ikkje bruke påstandar og vitnesbyrd om at behandlinga har effekt mot konkrete sjukdommar eller plagar. Og så lenge det predikantane gjør omfattast av loven, må de innrette seg etter dei same reglane som alle andre som driv med alternativ behandling, seier Elisabeth Lier Haugseth.
Forbrukertilsynet har etter dette avsluttet sakene mot prediktantene. Les saken her.