Ny direktør for Forbrukartilsynet

Trond Rønningen er i dag tilsett i stillinga som direktør for det nye Forbrukartilsynet.

Publisert:
Oppdatert:

Trond Rønningen (52) er i dag assisterande fylkesmann for Oslo og Viken. Han vert tilsett på åremål for ei periode på seks år, frå 1. januar 2021.

– Vi får ein erfaren og dyktig leiar, med svært relevant kompetanse og gode føresetnader for å utvikle det nye Forbrukartilsynet, seier forbrukarminister Ida Lindtveit Røse (KrF).

Les resten av pressemeldinga på nettsidane til Regjeringa.