Forbrukartilsynet er eit offentlig tilsyn som jobbar for enklare og tryggare marknader for forbrukarane. Forbrukartilsynet jobbar med å førebygge og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for ulovleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Forbrukartilsynet er i 2020 i ei større omstilling, og frå 2021 skal vi ta imot og behandle forbrukarklager og mekle mellom forbrukarar og næringsdrivande. Les meir om oss på www.forbrukertilsynet.no. Du kan lese meir om omstillinga på regjeringen.no.
Om stillingane
Forbrukartilsynet søker inntil fem juristar i faste stillingar som rådgjevar i tilsynsavdelinga med snarleg start. Vi kan gi deg varierte og viktige arbeidsoppgåver i eit hyggeleg og inspirerande arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte sakshandsaming, rettleiing av næringsdrivande og forbrukarar, og handheving av regelverket Forbrukartilsynet fører tilsyn med.
Frå 1. januar 2021 vil hovudkontoret til Forbrukartilsynet ligge i Porsgrunn. Stillinga vil frem til då ha arbeidssted i Skien på midlertidig kontor. Noko pendling til Oslo hausten 2020, for eksempel i forbindelse med opplæring, må reknast med.
Kvalifikasjonar og eigenskaper
Søkarar må ha juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap med gode resultat. Det er nødvendig med god norsk og engelsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av NOKUT. Stillingane er godt egna til nyutdanna.
Vi forventar at du har evne til å arbeide i team for å nå Forbrukartilsynets felles mål, samstundes som du også må kunne jobbe sjølvstendig, effektivt og med god fagleg kvalitet. Du bør ha interesse for forbrukarspørsmål, vere engasjert og du bør vere kreativ og løysingsorientert. Du bør også kunne representere Forbrukartilsynet overfor eksterne aktørar på ein trygg og truverdig måte. Vi vil vektleggje at du er personleg eigna til stillinga.
Vi kan tilby
Stillingane blir lønna som rådgjevar med kr. 460.000 – 510.000 pr år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode ordningar for pensjon, lån og forsikring følgjer stillinga. Til dette vert det trekt 2% av bruttolønn til lovfesta innskot. Vi har fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar. Dei nytilsette vil få eit eige opplæringsprogram, ein fadder som hjelper i det daglege arbeidet den første tida, og ein næraste leiar som har hovudansvar for di faglege og personlege utvikling.
Slik søker du
Forbrukartilsynet ønskjer å spegle heile samfunnet og ha bredde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar til å søke hos oss uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne, samt fravær frå arbeid, utdanning eller opplæring. Opplysningar om dette kan bli brukt til registreringsføremål.
Opplysningar om søkarane kan bli gjort offentlege. Sjå Offentleglova §25, andre ledd, når det gjeld moglegheit for å bli unntatt frå søkjarlista.
Har du spørsmål om stillingane, kontakt avdelingsdirektør Jo Gjedrem (jg@forbrukertilsynet.no, tlf. 93231640), eller juridisk direktør Frode Elton Haug (feh@forbrukertilsynet.no, tlf. 98660566).
Send søknad med CV, vitnemål og attestar elektronisk på jobbnorge.no. Alle attestar og vitnemål skal skannast og leggjast ved elektronisk.
Søknadsfrist 23. august 2020.
Sjå annonsen og søk på stillinga på: www.jobbnorge.no