Ver forsiktig om du tek julehandelen på kreditt

Er handlelista til jul lang, men kontoen tom? Det er lett å ty til eit forbrukslån, men det blir fort dyrare enn forventa. Sjekk kor mykje det faktisk vil koste om du betalar resten av julehandelen på kreditt.

Publisert:
Oppdatert:

Hugs at det må betalast tilbake

Å kjøpe i dag og betale i januar kan vere freistande, særleg ved juletider når ein skal kjøpe gåver og fylle kjøleskapet. Før du vel å finne frem kredittkortet, bør du tenkje på korleis økonomien ser ut når fakturaen frå kredittkortselskapet kjem i januar.

– Det er viktig å hugse på at lånet skal betalast tilbake. Julegåvene blir fort mykje dyrare enn du såg for deg, dersom du ikkje kan betale ned lånet før det begynnar å koma til renter, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

Julehandelen på kreditt? Her er våre råd:

Hugs at om du berre betalar  minstebeløpet, vil renta byrje å løpe på resten av gjelda.