Råd mot fakturasvindel

Næringsdrivande får stadig krav frå kataloghaiar og liknande om betaling for tenester dei aldri har bestilt. Ikkje betal og vurder å melde saka til politiet, rådar Forbrukartilsynet.

Publisert:
Oppdatert:
Illustrasjonen viser en tyv i en iphone.

Forbrukartilsynet får med jamne mellomrom klager frå næringsdrivande som får tilsendt fakturaer utforma som krav om betaling utan at noko er kjøpt eller bestilt. Å sende ut krav om betaling utan at det er gjort avtale om det, er i strid med § 11 i marknadsføringslova.

Forbrukartilsynet kan ikkje gripe inn i saker der næringsdrivande er råka av ulovleg handelspraksis, fordi det fell utanfor ombodets tilsynsområde.

–  Ikkje betal

Rådet som ombodet kan gje er å ikkje betale rekninga. Dersom det kjem purring må ein protestere skriftleg på kravet for å unngå at det blir sendt til inkasso. Får ein likevel eit inkassobrev er det viktig å ta kontakt med det aktuelle inkassoselskapet og gjere dei merksam på at det dreier seg om eit omtvista krav.

Straffbart

Brot på § 11 i marknadsføringslova er straffbart, og næringsdrivande som får slike krav kan difor vurdere å melda forholdet til politiet.

Fleire råd og tips om useriøse verksemder som rettar krav til næringsdrivande finnes på nettsidene Varslingslisten.no og Trygghandel.no.