Mobil eller nettbrett til jul?

I år låg det elektroniske dingsar under mangt eit juletre. Les Forbrukarombodet sine tips til trygg økonomisk bruk av smarttelefon og nettbrett.

Publisert:
Oppdatert:

Var du ein av dei som fann ein berøringsskjerm under gåvepapiret, har Forbrukarombodet samla nokre gode tips til korleis du kan unngå sviande høge rekningar for deg sjølv eller barna.

Du kan slå av kjøp på mobilen

Det finst ein app for alt, heitest det. Og tek du til dømes turen innom Google Play eller Apples App Store, finn du raskt ut at dette ikkje er langt frå sanninga.

Men spesielt når barna får sleppe laus i appbutikken, må du vere obs på at mange appar kostar pengar å kjøpe og bruke. Ønskjer du å berre laste ned appar som ikkje kostar deg noko, kan du konfigurere iTunes- eller Google Play-kontoen din slik at det ikkje er knytt betalingsmiddel til kontoen.

Du kan også lese meir om konfigurering av Apple-ID i iTunes og Google Play-konto på selskapa sine eigne nettsider.

Unngå rekningssmell for appar

Det er lurt å tenkje gjennom om du ønskjer å registrere barnet som mindreårig brukar på abonnementet, og om mobiltelefonen i så fall skal ha avgrensa brukstilgang.

Vil du setje restriksjonar på bruk av pengar i appar og spel, må du leggje inn passord. Skal du dele telefonen eller nettbrettet med yngre medlemmar av familien, må du difor passe på å  halde dette passordet hemmeleg, slik at dei ikkje uforvarande gjer dyre kjøp i appar.

Det er også mogeleg å opprette ein eigen brukarkonto som ikkje er tilknytt bankkort, om til dømes barnet ditt har fått eigen smarttelefon til jul.

På iPhone finn du ein eigen funksjon for familiedeling, som gjer at du kan godkjenne forbruket på barna sine mobiltelefonar. Les meir på Apple sine nettsider.

Er uhellet ute, kan du klage på rekninga

Mange foreldre lèt barna spele på mobilen. Får du skyhøg mobilrekning etter at barnet ditt uforvarande har brukt store pengesummar i eit spel, er det mogeleg å klage til selskapet (som oftast Apple eller Google) direkte.

Ved overforbruk på ein Android-telefon kan du be om refundering via brukarstøtta i Google Play. Les meir på sidene til Google.

Gjeld det ein iPhone, kan du ta kontakt med Apple og be om refusjon.

Har bankkortet ditt blitt misbrukt, kan du kontakte banken din. For foreldre til barn under 18 år, er ansvaret avgrensa etter skadeerstatningslova. Eigendelen er 5000 kroner.

Ver obs på kostnadar for databruk

Hugs på at streaming av film og musikk krev store dataoverføringar. Dette kan bli kostbart om du ikkje er bevisst på korleis du nyttar smarttelefonen eller nettbrettet.

Nyttar du trådlause nettverk (WiFi), blir ikkje mobilabonnementet belasta for databruk. Men om du nyttar 3G/4G til å sjå på Netflix, er det fort gjort å overstige grensene for databruk på abonnementet. Då må du ofte betale betydeleg meir for løpande databruk.

Er du i utlandet, kan kostnadane for databruk (roaming) variere stort, så du bør setje deg inn i kva prisar og sikringsmekanismar operatøren din tilbyr for det landet du skal reise til. Ver også obs på at du har dårlegare vilkår som forbrukar dersom forbruket skjer i fly eller på skip enn i utlandet elles.