1. april 2020 blei toll- og avgiftsfritaket fjerna for andre varer enn næringsmiddel og varer med særavgift. Når du kjøper noko frå utlandet no, må du betale meirverdiavgift (mva.), og eventuelt toll eller særavgift, frå første krone.
Hovudregelen er at nettbutikkar som retter seg mot norske forbrukarar skal opplyse om alle kostnadar ved kjøpet. Dessverre er det ikkje alle som gjer dette. Derfor bør du alltid sjekke kor nettbutikken held til. Om du ser at nettbutikken opererer frå eit anna land, bør du vere merksam på at kostnadar for toll, mva og fortollingsgebyr kan komme i tillegg til prisen på vara.
Les meir hos Forbrukar Europa.