Er du lei av å få postkassa full av reklame?

Har du opplevd at postkassa eller dørmatta er full av reklame og gratis aviser når du kjem tilbake frå sommarferie? Næringsdrivande pliktar å respektere merke med «nei takk til uadressert reklame» eller «nei takk til gratis aviser».

Publisert:
Oppdatert:

Du visste kanskje at du som forbrukar kan merke postkassa og døra for å unngå uadressert reklame og gratis aviser. Men kva er eigentleg reklame? Korleis kan du kan du reservere deg mot å få reklamebrosjyrar og flygeblad i postkassa di? Og kva gjer du om  næringsdrivande ikkje respekterer reservasjonen din?

Kva er reklame?

Alt materiell ein næringsdrivande sender ut i samband med næringa vil som hovudregel bli rekna som reklame. Det gjeld til dømes informasjon om sal, rabattar og kampanjar, og tilbod om abonnement og andre varer og tenester.

Alminneleg informasjon, som til dømes «Nytt frå stat og kommune» eller 17. mai-programmet for lokalmiljøet blir ikkje rekna som reklame. Det same gjeld blad frå kyrkjelydar og andre religiøse forsamlingar. Politiske program blir normalt heller ikkje rekna som reklame så lenge sendinga berre inneheld politisk informasjon, som til dømes valprogram.

Korleis kan du reservere deg?

Om du ikkje ønsker å motta uadressert reklame eller gratis aviser, kan du merke postkassa og døra. Du kan anten nytte standardiserte «nei takk»-klistremerke, eller merke du har laga sjølv. Postbod, reklamebod og næringsdrivande skal ikkje levere reklame eller gratis aviser til personar som har merka  postkassa eller døra på denne måten.

Ein reservasjon mot uadressert reklame vil ikkje hindre at du mottar gratis aviser og omvendt. Ønsker du ingen av delane, må du derfor sette opp ein reservasjon mot begge delar.

Dersom du vil reservere deg mot adressert reklame, kan du gjere det i Brønnøysundregistrene. Næringsdrivande pliktar å sjekke registeret før dei sender ut adressert reklame i posten.

Kva kan du gjere når ein næringsdrivande ikkje respekterer reservasjonen?

Ikkje alle næringsdrivande er like flinke til å respektere at nokon har reservert seg mot reklame. Forbrukartilsynet får ofte klagar frå frustrerte forbrukarar som har fått reklame dei har reservert seg mot.

Dersom du mottar reklame trass i at du har reservert deg, kan du sende ein klage til Forbrukartilsynet.

Flere artikler

Risikerer bøter etter ulovlig utsending av SMS

Forbrukertilsynet har nå varslet personen bak bilklager.no om forbudsvedtak med tvangsmulkt etter at han gjentatte ganger har markedsført via SMS uten forhåndssamtykke.