Skal du leiga ut bustad? Her er krava til annonsering

For å sikra at forbrukarane kan ta avgjerder på riktig grunnlag, presiserer Forbrukartilsynet at utleigerar og utleigemeklarar i bustadmarknaden må gi riktige og fullstendige opplysningar om leigepris og andre viktige forhold ved annonsering av utleigebustad.

Publisert:
Oppdatert:

Marknadsføring av bustader til leige er eit viktig område for Forbrukartilsynet. Det er høg aktivitet på utleigemarknaden, mellom anna som følgje av høge prisar og uvisse i bustadmarknaden.

Ofte er det forbrukargrupper med eit særleg behov for rettsleg vern som leiger bustad, slik som eksempelvis studentar, unge vaksne eller andre med avgrensa privatøkonomi. Som klar hovudregel har dissa forbrukarane lita erfaring med å inngå store og økonomisk forpliktande avtalar, slik som avtale om husleige.

Lita erfaring og tidspress

I tillegg til den avgrensa erfaringa med kontraktsinngåelse er det ofte slik at desse forbrukarane opplever eit tidspress når det gjeld å finna seg ein leigebustad, som følgje av studie- eller jobbstart. Dei bruker derfor mindre tid til grundige forundersøkingar av leigebustadene. Erfaringsvis er det òg mange som manglar kunnskap om rettane dei har som leigetakarar og om regelverket som gjeld for slike leigeavtalar.

– Derfor er det viktig at utleigerar og utleigemeklarar gir riktige og fullstendige opplysningar om leigepris og andre viktige forhold ved annonseringa av leigebustadene. Dette kan forhindra at forbrukarane tar avgjerder på uriktig eller ufullstendig grunnlag, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

Forbrukartilsynet har no sendt eit orienteringsbrev til eit utval profesjonelle utleigerar og utleigemeklarar, der vi gjer greie for kravet marknadsføringslova har til annonsering av bustader til leie.

Fleire krav til utleiger

I brevet frå oss blir det mellom anna orientert om:

  • krav til opplysning om totalpris
  • krav til opplysningar om varigheita til leigeforholdet
  • oppseiingstid
  • bindingstid
  • arealopplysningar
  • depositum

Orienteringsbrevet som vi no har sendt til 24 aktørar i leigebustadmarknaden kan du lesa her.

Flere artikler

Oppgir fleire soverom enn dei har lov til

Forbrukartilsynet har sjekka bustadannonsane til dei største eigedomsmeklarføretaka, og fann overraskande mange feil i marknadsføringa av soverom.