I midten av mai 2021 mottok ei rekke forbrukarar Intersports vårguide i postkassa. Brosjyren vart òg lagt ut på Intersports heimesider, og han vart marknadsført i sosiale medium.
14 av produkta i brosjyren hadde eit tydeleg, grønt «berekraftig»-merke.
Vanskeleg å etterprøva slike påstandar
Forbrukartilsynet har ikkje konkludert med at Intersport har brote marknadsføringslova, men vi har bedt selskapet om ei rekke forklaringar for å kunna ta stilling til om krava i marknadsføringslova er overhaldne.
At ei vare blir marknadsført som «berekraftig» vil for mange forbrukarar vera eit sterkt argument for å velja produktet framfor eit anna. Samtidig er det, for dei fleste forbrukarar, vanskeleg å etterprøva påstandar om berekraft som blir sette fram av næringsdrivande.
– Ei viktig oppgåve for oss på vegne av forbrukarane er derfor særleg å undersøka at det dei næringsdrivande seier, faktisk stemmer. Dei næringsdrivande må vera førebudde på å kunna framlegga dokumentasjon til oss for påstandar om eit produkt, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.
Vêr varsam med generelle miljøpåstandar
For å sikra at forbrukarane kan ta informerte kjøpsval, er det viktig at marknadsføringa gir eit presist, balansert og riktig inntrykk av dei miljømessige eigenskapane av produkta.
Generelle påstandar om at eit produkt er miljøvennleg, berekraftig, grønt og liknande, kan vera eigna til å gi forbrukarane positive assosiasjonar til produktet og gi inntrykk av at produktet ikkje har nokon – eller berre positive – verknader på miljøet.
Slike generelle påstandar vil ikkje berre vera vanskeleg å dokumentera, men kan òg overselge miljøfordelane av produkta. Dette gjeld særleg for produkt frå miljøbelastande bransjar, slik som kles- og tekstilbransjen. For slike produkt bør det derfor visast ekstra varsemd med bruk av verkemiddel som gir forbrukarane inntrykk av at eit produkt har miljømessige fortrinn.
Må kunna dokumentera
– Bruk av generelle miljøpåstandar som «bra for miljøet», «grøn» og liknande, kan òg gi forbrukarane inntrykk av at produktet er betre for miljøet enn samanliknbare produkt. Dersom samanliknbare produkt på marknaden har same miljømessige fordeler, vil ein miljøpåstand kunna vera villeiande, seier Rønningen.
Ved bruk av berekraftspåstandar i marknadsføringa av eit produkt, må næringsdrivande vera førebudd på å kunna dokumentera overfor Forbrukartilsynet at det er gjort ein livssyklusanalyse av produktet.
Forbrukartilsynet kjem framover til å fortsetja å ta opp saker med næringsdrivande i bransjar der berekraftspåstandar blir brukte hyppig i marknadsføringa.
- Her er vår temaside om berekraft