Forbrukartilsynet har nye nettsider

Onsdag 11. august lanserte Forbrukartilsynet nye nettsider.

Publisert:
Oppdatert:

1. januar 2021 blei forbrukarapparatet i Noreg kraftig omorganisert. Forbrukartilsynet fekk mellom anna nye arbeidsoppgåver og ansvarsområde, nytt hovudkontor og mange nye tilsette.

Onsdag 11. august fekk tilsynet også nye nettsider. Målet er at dei nye sidene skal gje eit godt og heilskapleg bilde av verksemda i organisasjonen, og gjere det enklare for forbrukarar og næringsdrivande å finne viktig informasjon.

Om du likevel oppdagar feil eller manglar, eller det er informasjon du ikkje finn, kan du kontakte oss på kom@forbrukertilsynet.no.