Reklame frå politiske parti

Det er ikkje forbode å distribuere partiprogram eller annan politisk informasjon til forbrukarar. Heller ikkje til dei som har reservert seg mot reklame. Her kan du lese meir om reglane som gjeld for politisk reklame.

Publisert:

No i valkampen er det mange som opplever å få reklame frå politiske parti i postkassa eller på døra. Mange forbrukarar lurer på om det er mogleg å reservere seg mot denne typen reklame.

Det er ikkje forbode å distribuere partiprogram eller anna politisk informasjon frå politiske parti til forbrukarar. Heller ikkje til dei som har reservert seg mot reklame. Desse reglane omfattar både reklame i postkassa og på døra, samt reklame via telefon og sms og e-post.

­­­­– Forbodet i marknadsføringslova gjeld reklame og gratis aviser frå næringsdrivande. Politiske parti er ikkje rekna som næringsdrivande, og difor vil reklame med eit reint politisk bodskap ikkje vere ulovleg å distribuere, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

Kva kan du reservere deg mot?

Som forbrukar kan du reservere deg mot uadressert reklame og gratis aviser ved til dømes å setje eit klistremerke på postkassa eller inngangsdøra. Kva som vert rekna som «uadressert reklame» eller «gratis avis», er avhengig av innhaldet og kven som er avsendar.

Når politiske parti sender ut sine bodskap, vil det avgjerande spørsmålet vere om dette berre inneheld politisk informasjon (om valprogram og liknande) eller reklame – eventuelt begge delar.

Kva er reklame?

Inneheld sendinga reklame for til dømes kurs og seminar som det kostar pengar å vere med på, eller profilering av eventuelle samarbeidspartnarar, vil ho kunne verte omfatta av forbodet i marknadsføringslova. Då må avsendarane respektere reservasjonar mot reklame.

Politisk reklame på TV og radio

Det er ikkje lov å sende politisk reklame på TV. Derimot er det lov på radio. Medietilsynet fører tilsyn med forbodet mot politisk reklame på TV. 

Les meir om politisk reklame på radio og TV her.


Flere artikler

Risikerer bøter etter ulovlig utsending av SMS

Forbrukertilsynet har nå varslet personen bak bilklager.no om forbudsvedtak med tvangsmulkt etter at han gjentatte ganger har markedsført via SMS uten forhåndssamtykke.