Nye og trygge vilkår for bankkort til barn

Forbrukarombodet er einig med finansbransjen om ein mønsteravtale for bankkort til barn under 13 år. – Dette er ein siger for dei yngste forbrukarane. Avtalen sikrar at barn kan bruke bankkort under trygge rammer, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Publisert:
Oppdatert:

Stadig fleire bankar tilbyr no bankkort til barn under 13 år. Forbrukarombodet har stilt klåre og tydelege krav til bankane om at dei må tilpasse vilkåra for slike bankkort til målgruppa.

– Ein kan ikkje stille same krav til ein 10-åring som til ein 17-åring. Derfor er det viktig at ansvarsreglane og bruksgrensene er tilpassa barna. Det er gledeleg at dette no er på plass, seier Nergård.

For mange foreldre kan det kjennast både tryggare og meir praktisk  å heller sende med barna betalingskort enn større kontantsummar på fotballcup eller klassetur. Det er også blitt mindre vanleg å ha kontantar lett tilgjengelig, noko som også kan skape praktiske utfordringar i kvardagen.

– Barn skal få ta del i samfunnsutviklinga og betale med kort som alle andre. Men  dei yngste kortbrukarane kan ikkje stillast til ansvar på same måte som dei over 13 år, og vi er nøgde med at banknæringa er einig med oss i det , seier Nergård.

Mindre ansvar ved misbruk

Dette er dei viktigaste vilkåra Forbrukaombodet no har fått gjennom:

– Alle bankane som vil tilby bankkort til barn under 13 år bør no ta i bruk desse ny og spesialtilpassa vilkåra. Ungdomskort er ikkje eigna for denne aldersgruppa, sidan vilkåra for desse korta ikkje er tilpassa brukarar under 13 år, understrekar Gry Nergård.

Foreldrekontroll viktig

Sjølv om barn no kan få tryggare og betre tilpassa bankkort, er det viktig at foreldra følgjer med på kortbruken til barna.

– Foreldra må ta aktivt ansvar for å lære opp barna i trygg kortbruk, og halde kontroll på kontoen kortet knyter seg til. Dei må også vurdere om barnet faktisk er modent nok til å bruke eit eige bankkort, påpeikar forbrukarombod Gry Nergård.

Flere artikler

Se webinar om markedsføring av kosmetiske inngrep

På webinaret vil dere få en innføring i det grunnleggende lovverket som gjelder for markedsføring av kosmetiske inngrep.