Marknadsføringslova

Publisert:
Oppdatert:

Dei fleste av reglane i lova gjeld marknadsføring som er rett mot forbrukarar, men det er òg eit eige kapittel om marknadsføring mellom næringsdrivande. I tillegg til reglar om marknadsføring inneheld lova forbod mot å bruke urimelege kontraktsvilkår i avtalar som blir inngått med forbrukarar.

Forbod mot villeiande og urimeleg handelspraksis

Dei mest sentrale føresegnene i marknadsføringslova er forboda mot villeiande og urimeleg handelspraksis. Desse reglane har sidan 2009 vore like i alle EU- og EØS-land. Lova skal òg verne forbrukarar mot å måtte betale for produkt som ikkje er bestilte, eller mot å få marknadsføring dei ikkje ønskjer, for eksempel på telefon, e-post eller i postkassa.

I forskrift til lova er det i ei såkalla svarteliste nemnt 31 former for handelspraksis som er forbodne, blant anna å la vere å merkje annonsar i redaksjonell form klart og tydeleg eller å hevde at ein forbrukar har vunne ein premie i ein konkurranse når dette ikkje er tilfellet.

Ei bransjenøytral lov

Marknadsføringslova gjeld marknadsføring av alle typar varer og tenester i alle marknader, med mindre det er fastsett eigne reglar om marknadsføring på bestemte område. Slike reglar er det ganske mange av, for eksempel reglar om TV-reklame i kringkastingslova, reglar om ernærings- og helsepåstandar i påstandsforskrifta, krav til å opplyse om kostnader i marknadsføring av kreditt i finansavtalelova og reglar om kva opplysningar seljar skal gi ved blant anna netthandel og telefonsal, i angrerettlova.

Les marknadsføringslova her.