35 annonsørar bryt forbodet mot skjult reklame

Forbrukartilsynet gjennomførte nyleg ein tilsynsaksjon i sosiale medium. Målet var å finne skjult reklame på Instagram og TikTok. Aksjonen avdekka eit stort omfang av dårleg merka reklameinnlegg frå påverkarar. Hovudansvaret for dette ligg hos annonsørane.

Publisert:

Tydeleg merking er viktig

Aksjonen viser at mange av innlegga er forsøkt merka, men at merkinga blir skjult på forskjellige måtar. Forbrukartilsynet har funne ei rekke innlegg der merkinga er vanskeleg å få øye på. Det kan vere på grunn av lita skrift, farge som går i eitt med bakgrunnen eller at merkinga er plassert heilt ute i kanten eller bak brukarnamnet. I faste innlegg er det fleire tilfelle der forbrukaren aktivt må klikke på «meir» for å få informasjon om at innlegget er reklame.

– Dersom merkinga blir skjult, mistar den heile funksjonen. Når forbrukarane ser eit reklameinnlegg i sosiale medium skal dei forstå med ein gong at det er marknadsføring. Vi er overraska over kor mange innlegg som er såpass dårleg merka, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

Følger opp annonsøransvaret

Forbrukartilsynet følger opp aksjonen ved å sende brev til 35 norske annonsørar som bruker påverkarar til å spreie reklamebodskap. I brevet viser tilsynet til eksempel på lovbrot og understrekar at annonsørane har hovudansvaret for å overhalde lova. Utvalet av annonsørar er basert på tips og klagar frå forbrukarar og observasjonar Forbrukartilsynet har gjort.

Tidlegare i år stadfesta Marknadsrådet Forbrukartilsynets vedtak om tvangsmulkt på 80 000 kroner til ein annonsør for skjult reklame i sosiale medium. Vedtaket frå Marknadsrådet er tydeleg på at annonsøransvaret inneber ei plikt til å sørge for opplæring, oppfølging og kontroll. Annonsøren pliktar også å sette i verk tiltak dersom det dukkar opp umerka eller utilstrekkeleg merka reklameinnlegg frå påverkarar.

– Vi ser spesielt alvorleg på at så mange annonsørar vidaredeler, kommenterer og likar mangelfullt merka reklameinnlegg i staden for å be påverkaren om å endre eller fjerne dei lovstridige innlegga, seier Rønningen.

Forbrukartilsynet ber annonsørane  ta grep, slik at dei følger regelverket når dei bruker påverkarar i marknadsføringa. Påverkarane som har publisert marknadsføringa har også fått kopi av breva, der dei blir gjort merksame på medverkingsansvaret etter markedsføringsloven.

Annonsørane har frist til 26. november til å kommentere forholda i brevet og bekrefte at dei vil følge krava i markedsføringsloven.

Andre artiklar

Dårleg merking av eigenreklame

Mange influensarar merkar ikkje reklame for eigne produkt og tenester, viser ein stor europeisk kontroll Forbrukartilsynet har vore med på.