Ikkje la deg lure av «gode» tilbod!

Forbrukartilsynet gjer deg tips om korleis du unngår å bli lurt under Black Week.

Publisert:

Black Friday nærmar seg, og både fysiske butikkar og nettbutikkar fristar kundane med lovnadar om tilbod og sal. Men held marknadsføringa det den lovar? Her får du fem gode tips til korleis du kan unngå å bli lurt av marknadsføringa på Black Friday, Cyber Monday og andre store tilbodsdagar.

1. Ikkje la deg blende av rabatten

40%, 60% eller 80% rabatt? Det må jo vere eit godt kjøp! Dessverre er ikkje det alltid tilfelle. Det kan faktisk hende at ein annan butikk sel vara enda billigare. Sjekk fleire stadar før du handlar.

2. Sjekk at prisen faktisk er sett ned

Sjekk at det er oppgitt førpris på vara du er interessert i. Om du ikkje finn nokon førpris er prisen neppe sett ned.

3. Sjekk prishistorikken

Ikkje stol blindt på marknadsføringa. Sjekk prisane i marknaden sjølv! Med ei teneste for prissamanlikning kan du finne prishistorikken på ei rekke varer. Tenester som til dømes Prisjakt.no  og Prisguiden.no lar deg sjå kor vara er billigast, og kor mykje prisen faktisk er nedsett samanlikna med tidlegare prisar.

4. Ikkje la deg stresse

Marknadsføringa hevdar ofte at du må slå til på priskuppet med ein gong, eller gå glipp av eit godt kjøp. Men i mange bransjar er det hyppige kampanjeperiodar. Ofte kan du gjere det same priskuppet med jamne mellomrom. Om du sjekkar prishistorikken, kan du sjå om vara ofte er på tilbod. Kanskje kan du få vara enda billigare på januarsal?

5. Pass deg for kredittrenta

Bruk gjerne kredittkort når du handlar, men pass på renta! Bruker du kredittkort bør du vere sikker på at du kan betale kredittkortrekninga i tide. Dersom du må betale kredittrenter, kan det fort bli dyrt.

Desse rettane har du når du handlar på nett

Også når du handlar på nett, er det ein del du bør vere klar over. Her kan du lese gode tips for trygg netthandel.

Anten du handlar på nett eller i ein fysisk butikk gjeld det å ikkje la seg stresse, men halde hovudet kaldt og auga opne.

Trond Rønningen, direktør i Forbrukertilsynet. Foto: Dag Jenssen/Forbrukertilsynet


– Tenk deg godt om og gjer gjerne ein ekstra sjekk før du slår til på eit tilbod, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

Les meir

Må betale dyrt for villedende markedsføring

Markedsrådet har behandlet klagene fra Blush, BliVakker og Coverbrands. De tre kosmetikkaktørene må betale rekordhøye gebyrer for villedende markedsføring i forbindelse med Black Friday og Cyber Monday.