Forbrukartilsynet varslar mulkt og gebyr for straumselskap som hevdar dei er billigast

Forbrukartilsynet har varsla vedtak mot tre straumselskap som alle hevdar å vere billigast. Tilsynet varslar tvangsmulkt på 1 million kroner til kvart selskap, og lovbrotsgebyr på opp til 500 000 kroner.

Publisert:

Forbrukartilsynet har trappa opp tilsynet med straummarknaden. Vi har tidlegare tatt opp saker med fleire straumselskap om nettopp billigast-påstandar i marknadsføring. Billigast-påstandar skaper eit inntrykk av at prisen er den lågaste i marknaden.

Lova stiller strenge krav til næringsdrivande som nyttar slike påstandar. Mellom anna må dei næringsdrivande på førehand undersøke at påstanden er riktig, og dei må kunne legge fram dokumentasjon når Forbrukartilsynet krev det.

Vidare må den som nyttar ein slik bodskap i marknadsføring faktisk vere billigast. Det er ikkje nok å vere like billig som konkurrentane.

Spesielt problematisk i straummarknaden

Billigast-påstandar er spesielt problematiske i straummarknaden. Her er det mange aktørar som tilbyr ulike avtalar med hyppige prisendringar. Berre ein kan faktisk vere billigast, og det er svært vanskeleg å underbygge ein slik påstand når marknaden er så uoversiktleg.

– Å hevde at man er billigast er eit sterkt salsargument. Dersom det ikkje er riktig, er det villeiande og eit brot på markedsføringsloven, seier direktør i Forbrukartilsynet Trond Rønningen.

Utgiftene til straum kan gjere store innhogg i privatøkonomien. Derfor er prisen ofte den viktigaste faktoren når forbrukarane skal velje straumavtale. Det er sterke forbrukaromsyn som gjer seg gjeldande i dei aktuelle sakene, og Forbrukartilsynet ser alvorleg på saka dersom selskapa ikkje kan dokumentere påstandane.

Partane har fått frist i januar for å komme med merknadar og dokumentasjon i saka.

Les varsla her

Her kan du lese varsla mot NordlysEnergi AS, Agva Kraft AS og Motkraft AS.

Tilsynet har også varsla vedtak for medverking til lovbrot mot dagleg leiar/styreleiar i Agva Kraft og NordlysEnergi.

Fleire artiklar

14 straumselskap må betale 100 000 i veka viss dei bryt lova igjen

I vår fann Forbrukartilsynet lovbrot hos alle straumselskapa vi kontrollerte. No må 14 av selskapa betale 100 000 i veka viss dei bryt lova på nytt.