Tilsynet går gjennom både faste innlegg og stories på Instagram, Snapchat og TikTok på jakt etter klare lovbrot. Aksjonen er ei oppfølging av annonsøransvaret, lik aksjonen som ble gjennomført i haust der 35 aktørar blei tatt for å bryte forbodet mot skjult reklame. Det er nemleg annonsørane som har hovudansvaret for at det er tydeleg at innlegga inneheld reklame.
Kva seier lova?
Markedsføringsloven slår fast at all marknadsføring skal utformast slik at det er tydeleg at det dreier seg om nettopp marknadsføring. Marknadsføring er alt ein påverkar publiserer i bytte mot betaling eller andre fordelar, og som kan fremme salet av ein næringsdrivande sine varer eller tenester. Innlegg i sosiale medium som inneheld marknadsføring bør som hovudregel merkast tydeleg med «reklame» eller «annonse».
Vegen vidare
Dersom Forbrukartilsynet finn lovbrot vil tilsynet følgje opp med orienteringsbrev til annonsørar som ikkje har fått liknande rettleiing tidlegare. Tilsynet har og heimel til å sanksjonere lovbrot med forbodsvedtak med tvangsmulkt. Forbrukartilsynet ventar på ei lovendring for å kunne påleggje lovbrotsgebyr for umerka eller dårleg merka reklameinnlegg.