Forbrukarar har angrerett på straumavtaler – òg på avtaler med fastpris

Forbrukartilsynet meiner at forbrukarar har angrerett på alle straumavtaler som er inngått ved fjernsal eller sal utanom faste forretningslokale, uavhengig av om dette er straumavtaler med fastpris eller ikkje.

Publisert:

Det har vist seg at enkelte straumselskap ikkje praktiserer angrerett på straumavtaler med fastpris. Dette meiner Forbrukartilsynet er brot på angrerettloven. Vi har derfor sendt ut eit orienteringsbrev til alle straumselskap i Noreg for å informera om riktig praksis overfor forbrukarane.

Du kan lese orienteringsbrevet her.

14 dagars angrerett – men kva er «fjernsal»?

Forbrukarar har 14 dagar angrerett ved inngåing av alle straumavtaler som er inngått ved fjernsal og sal utanom faste forretningslokale.

Fjernsal er omgrepet som blir brukt når det blir inngått avtaler om kjøp og sal utan at kjøpar og selgar møtest, som til dømes når avtaler skjer over telefon eller internett.

– I praksis betyr dette at forbrukarar har angrerett på alle straumavtaler dei inngår via dei salskanalane straumselskapa stort sett nyttar. Forbrukarar har mellom anna angrerett ved inngåing av straumavtale via nettsidene til straumselskapa, ved inngåing av ny avtale via «Mi side» og ved avtaleinngåing ved dørsal og telefonsal, seier direktør i Forbrukartilsynet, Trond Rønningen.

Kvifor er angreretten viktig?

Retten til å angre på eit kjøp gjort ved fjernsal er ein svært viktig forbrukarrett som næringsdrivande skal etterleve.

Dagens straummarknad kan vere uoversiktleg for forbrukaren å orientera seg i, og derfor er det viktig at angreretten blir halde oppe slik at forbrukaren har tid til å setja seg inn i avtaler som blir inngått.

– Forbrukartilsynet forventar at bransjen vil innretta seg etter Forbrukartilsynets standpunkt om at forbrukarar har angrerett òg ved inngåing av straumavtaler med fastpris, seier Rønningen.

Det kan hende at enkelte aktørar i straumbransjen aukar prisane noko på fastprisavtaler dei tilbyr framover for å prisa inn risiko for at forbrukarar angrar på avtalen i dei første 14 dagane etter at avtalen vart inngått. Som elles er det derfor viktig at forbrukarar før avtaleinngåing sjekkar kva avtaler som finst og samanliknar prisar og vilkår. Forbrukarrådets straumprisportal gir god informasjon til å gjera val av straumavtale.

Flere artikler

14 straumselskap må betale 100 000 i veka viss dei bryt lova igjen

I vår fann Forbrukartilsynet lovbrot hos alle straumselskapa vi kontrollerte. No må 14 av selskapa betale 100 000 i veka viss dei bryt lova på nytt.