Forbrukartilsynet lager nytt opplæringsverktøy om reklame

Kva er eigentleg reklame og korleis verkar han? Korfor er det så mykje reklame i sosiale medium ? Dette kan du snart lære meir om i eit heilt nytt opplæringsverktøy frå Forbrukartilsynet.

Publisert:
Oppdatert:

Kvar einaste dag ser vi haugevis av reklameplakatar, -bilete og filmar. Dei som er unge i dag møter ikkje berre reklame i butikken og på bussen, men også på skolen, i dataspel og ikkje minst i sosiale medium. Mykje av denne reklamen registrerer vi eigentleg ikkje. Vi tenkjer ikkje over at han er der. Men likevel påverkar reklamen korleis vi tenkjer og handlar.

Skjermbilde frå det nyeopplæringsverktøyet om reklame. Bildet viser ein gut omgitt av neonskilt.
Eit skjermbilde frå det nye opplæringsverktøyet som er under utvikling.

På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet har Forbrukartilsynet utarbeida eit nytt digitalt opplæringsverktøy om reklame til bruk i ungdomsskolen. Gjennom tekstar, bilete, videoar og interaktive oppgåver kan elevane lære om kva reklame er, kor du finn reklame og korleis reklamen påverkar oss.

Når ungdommane veit meir om korleis reklame verkar, håper vi det blir lettare å identifisere reklamen. Då blir det kanskje enklare å gjere gode val i møte med reklame.

Verktøyet skal vere gratis tilgjengeleg for alle, og vil fungere på både PC, nettbrett og mobil.

Lansering i mai

I mars blei opplæringsverktøyet testa av elevar og lærarar på tre ungdomsskolar i Eide, Trondheim og Skien. Vi held no på med å skrive om tekstar og justere oppgåver i tråd med tilbakemeldingane frå testskolane.

– Vi set stor pris på at lærarar og elevar har tatt seg tid til å teste verktøyet, slik at resultatet blir best mogleg. Tilbakemeldingane vi har fått er både gode og nyttige, seier direktør Trond Rønningen i Forbrukartilsynet.

Etter planen skal det nye verktøyet lanserast i slutten av mai, slik at det er klart til bruk i god tid før skoleåret 22–23. Meir informasjon om verktøyet og lanseringa blir publisert på Forbrukartilsynet.no fortløpande.

Relaterte artiklar

Se webinar om markedsføring av kosmetiske inngrep

På webinaret vil dere få en innføring i det grunnleggende lovverket som gjelder for markedsføring av kosmetiske inngrep.