Orienteringsbrev om miljøpåstandar i marknadsføring til kraftbransjen

Etter ein gjennomgang av bruken av klima- og miljøpåstandar i kraftbransjen, har Forbrukartilsynet sendt ut eit orienteringsbrev til alle kraftleverandørar i Noreg for å sørga for at straumbransjen framover overheld kravet i lova.

Publisert:

Markedsføringsloven forbyr villeiande marknadsføring overfor forbrukarar. Forbodet gjeld òg villeiande bruk av klima- og miljøpåstandar.

I 2021 undersøkte Forbrukartilsynet bruken av klima- og miljøpåstandar i kraftbransjen. Vi gjekk gjennom heimesidene til fleire selskap, annonsar dei hadde i media og kva dei la ut i sosiale medium. Etter kontrollen bad Forbrukartilsynet ti kraftleverandørar om å endra marknadsføringa si. Alle av desse har akseptert å gjera endringar i tråd med føringane frå Forbrukartilsynet.

– Basert på funna i kontrollen ser vi behov for å senda ut dette orienteringsbrevet, slik at bransjen kan gjera seg kjend med Forbrukartilsynet sine vurderingar. Då får bransjen høve til å gjera eventuelle endringar i marknadsføringa si før Forbrukartilsynet grip inn mot ulovleg marknadsføring, seier direktør i Forbrukartilsynet, Trond Rønningen.

Desse krava må kraftleverandørane overhalda i marknadsføringa

I kontrollen vår fann vi fleire utfordringar med bruk av klima- og miljøpåstandar i marknadsføringa av straum. For at kraftleverandørane skal overhalda forbodet mot villeiande marknadsføring overfor forbrukarar, har Forbrukartilsynet i orienteringsbrevet oppsummert standpunkta våre, og kva vi meiner må til for å overhalda krava i markedsføringsloven:

Årsaka til dette er at den fysiske leveransen av straum som forbrukar får ved opphavsgarantert straum ikkje skil seg frå den fysiske leveransen av straum som eventuelt ikkje er opphavsgarantert. Ein gjennomsnittleg forbrukar kan forstå ein påstand om «fornybar» eller «grøn» straum som at straumen som blir levert i stikkontakten er fornybar, eller at kjøp av ein straumavtale med «fornybar» eller «grøn» straum medfører auka produksjon av straum frå fornybare kjelder. Dette er ikkje tilfellet. Ved å kjøpa opphavsgarantiar er forbrukar med på å støtta produksjon av fornybar energi, ved at kraftprodusentar som sel opphavsgarantiar får ei ekstra inntekt frå den fornybare kraftproduksjonen sin – verken meir eller mindre.

Viss de ikkje tydeleg skil mellom dette, kan forbrukarar bli villeidde til å tru at slagord og visjonar som gjeld heile verksemda gjeld eit konkret produkt / ein konkret straumavtale, sjølv om dette ikkje er tilfellet.

Forbrukartilsynet vil ved behov følgja opp med kontroll og sanksjonar

Vi forventar at alle kraftleverandørar gjer nødvendige endringar i marknadsføringa si for å tilpassa seg reglane i lova.

Forbrukartilsynet forventar at endringane er gjennomførte innan 1. juni i år. Etter dette vil Forbrukartilsynet ved behov gjera kontroll av om lova blir følgd av den enkelte kraftleverandøren, og eventuelt kunne følgja opp lovbrot med sanksjonar.

– Vi gjer merksam på at vi ved seinare tilsyn vil legga vekt på at de har mottatt denne orienteringa. Ved brot på markedsføringsloven kan Forbrukartilsynet fatta vedtak om økonomiske sanksjonar, i form av tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr. At kraftleverandørar no har mottatt rettleiing gjennom dette brevet, vil vera av betyding for eventuell seinare bruk av sanksjonar, seier Rønningen.

Flere artikler

14 straumselskap må betale 100 000 i veka viss dei bryt lova igjen

I vår fann Forbrukartilsynet lovbrot hos alle straumselskapa vi kontrollerte. No må 14 av selskapa betale 100 000 i veka viss dei bryt lova på nytt.