Reklameskolen er open!

Reklameskolen – eit nytt digitalt opplæringsverktøy om reklame – er klart til bruk.

Publisert:
Oppdatert:

Tysdag 24. mai lanserte Forbrukartilsynet det heilt nye digitale opplæringsverktøyet Reklameskolen. Dette er eit interaktivt verktøy kor elevane kan lære om reklame og korleis han påverkar oss gjennom tekst, video og interaktive oppgåver. Målsetninga er at elevane skal bli flinkare til å kjenne igjen reklame, og skjøne kven som står bak han og korleis han verkar.

Open og gratis for alle

Opplæringsverktøyet er utvikla på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet (BFD) til bruk i ungdomsskolen.

Skjermbilde frå Reklameskolen. Bildet viser ein faktaboks og ein ordforklaring.
Skjermbilde frå Reklameskolen. I Reklameskolen har vi mellom anna nytta faktaboksar og ordforklaringar for å gjere det enklare å lære om reklame og korleis han fungerer.

Reklameskolen er open for alle, og ligg gratis tilgjengeleg på reklameskolen.no.

– Digital reklame nyttar kraftfull teknologi for å overtyde oss, og på flatar kor reklamen kan vere vanskeleg å gjennomskode. Då vert kunnskap om marknadsføringsteknikkane stadig viktigare. Det er derfor flott at Forbrukartilsynet no kan tilby eit oppdatert verktøy for å gi betre informasjon til barn og unge om korleis reklame verkar. Eg håper at mange skuler tar i bruk Reklameskolen frå hausten av,

seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Reklameskolen har blitt testa på tre ungdomsskolar i Eide, Trondheim og Skien, og lanseringa blei mellom anna markert med kake til lærarar og elevar som har vore med på å teste verktøyet.

– Vi set stor pris på at lærarar og elevar har tatt seg tid til å teste verktøyet. Vi håpar dei blir nøgde med resultatet, og at dei no er betre rusta til å ta informerte og bevisste val når dei blir eksponert for reklame,

seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

Sjå video frå Reklameskolen her!

Forbrukertilsynet har fått laga to splitter nye videoar til Reklameskolen. Her får du ei kjapp inføring i kva reklame er, korleis han påverkar oss og kvifor vi har laga reklameskolen.

Les meir

Se webinar om markedsføring av kosmetiske inngrep

På webinaret vil dere få en innføring i det grunnleggende lovverket som gjelder for markedsføring av kosmetiske inngrep.