Grønvaskingsplakaten #500

På to år har over 500 verksemder signert grønvaskingsplakaten. Forbrukartilsynet og Skift markerer jubileet med eit digitalt jubileumsarrangement torsdag 23. juni.

Publisert:

For to år sidan lanserte WWF, ZERO, Framtiden i våre hender og Skift grønvaskingsplakaten. Plakaten skal vere ei rettesnor for små og store verksemder som vil unngå grønvasking og bidra til det grøne skiftet. Verksemder som har signert plakaten møtes fleire gongar i året for å diskutere tiltak mot grønvasking.

No har over 500 verksemder signert plakaten, og det skal sjølvsagt feirast. På eit digitalt jubileumsarrangement 23. juni vil Tonje Drevland og Vegard Grindstuen frå Forbrukartilsynet snakke om kva for grønvaskingsproblem Forbrukartilsynet ser i dag, og om tilsynsarbeid og bruk av sanksjonar framover.

Arrangementet er gratis og ope for alle, og er eit must for alle som er interessert i kommunikasjon rundt berekraft, klima og miljø.

Fleire artiklar

Unngå bruk av påstandar om «klimanøytral» eller «klimakompensert»

Påstandar som «klimanøytral» eller «klimakompensert» går igjen i marknadsføring mot forbrukarar. Forbrukartilsynet og andre nordiske forbrukarmyndigheiter meiner at slike påstandar lett vil vere villeiande og derfor forbode.