Reklameskolen for barneskoleelevar

I fjor lanserte Forbrukartilsynet Reklameskolen – eit opplæringsverktøy om reklame for ungdomsskolen. Til hausten lanserer vi ein eigen versjon for barneskolen.

Publisert:

På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet har Forbrukartilsynet laga eit komplett opplæringsverktøy om reklame for ungdomsskolen. Verktøyet blei lansert i mai 2022, og ligg gratis tilgjengeleg på Reklameskolen.no.

No jobbar vi med å lage ein eigen versjon tilpassa 5.–7. klasse. Vi har allereie testa barneskoleversjonen på fire skolar i Vestfold og Telemark. Tilbakemeldinga frå elevar og lærarar var at dette var ei lærerik oppleving. Vi fekk og med oss nyttige tilbakemeldingar om kva som kunne bli enda betre. No er vi i full gong med å forbetre og finpusse tekstar og oppgåver.

29. august opnar Reklameskolen for barneskolen!

Relaterte artiklar

Se webinar om markedsføring av kosmetiske inngrep

På webinaret vil dere få en innføring i det grunnleggende lovverket som gjelder for markedsføring av kosmetiske inngrep.