Barne- og familiedepartementet har sendt ut forslag på høyring om innføring av verdigrenser og saksbehandlingsgebyr for saker som skal meklast og som skal vidare til Forbrukarklageutvalet.
Du finn høyringsbrev og -notat her
Vi støttar departementet sitt forslag til verdigrenser og gebyr fordi det vil gi eit meir målretta tvisteløysingstilbod til forbrukarane.
Du finn Forbrukartilsynets høyringsuttale her
Ei slik endring vil, slik Forbrukartilsynet ser det, vere med på å gi eit meir målretta tilbod for forbrukarane.
Om forslaget blir vedteke, kan det tre i kraft frå årsskiftet.