La barna lære om reklame!

Norske barn møter store mengder reklame i kvardagen. Det er viktigare enn nokon gong at barn lærer om reklame allereie frå ung alder.

Publisert:

Norske barn lever i ei verd proppfull av reklame. Dei møter reklame frå dei står opp om morgonen til dei legg seg om kvelden. Barna blir mellom anna utsett for svært mykje reklame gjennom sosiale medium og spel. Det hjelper heller ikkje å slå av PC-en og legge bort mobilen. Barna er omgitt av reklame uansett kor dei er og kva dei gjer. Det er reklame på bussen, på kjøpesenteret, på fritidsaktivitetar og til og med på skolen.

Sjølv om noko av denne reklamen rettar seg direkte mot barn, er mesteparten av reklamen verken laga eller meint for dei. Barn blir ofte utsett for reklame som kan vere uheldig, usunn og i verste fall skadeleg. Noko av denne reklamen kan det vere ulovleg å utsette barn for.

Reklamen har komme for å bli. Det er derfor viktigare enn nokon gong at barn lærer kva reklame er og korleis han  påverkar dei. Derfor har Forbrukartilsynet laga Reklameskolen.

Reklameskolen er eit komplett digitalt opplæringsverktøy om reklame, utvikla av Forbrukartilsynet på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. I fjor lanserte vi ein versjon for ungdomsskolen. I haust har vi lansert ein eigen versjon for barneskolen, med heilt nytt innhald tilpassa elevar på 5.–7. trinn.

Opplæringsverktøyet er utvikla for bruk i skolen, men kan òg brukast av barna på eiga hand, eller saman med føresette. Reklameskolen er open for alle, og er gratis tilgjengeleg på reklameskolen.no. Gjennom videoar, tekstar og interaktive oppgåver kan barna mellom anna lære om verkemiddel i reklame og kva reglar som gjeld for reklame til barn.

Reklameskolen tek for seg dei viktigaste arenaene der barn møter reklame i kvardagen. Reklame i spel, i sosiale medium og på skolen er viktige tema her. Skjult reklame, algoritmar i sosiale medium og persontilpassa reklame står òg på timeplanen på Reklameskolen.

Målet med Reklameskolen er å gjere barna medvitne på kor dei møter reklame, og kva verkemiddel reklamen bruker for å påverke dei. Forhåpentleg vil dette gjere det litt lettare å forhalde seg kritisk til reklamen dei blir utsette for, slik at dei blir betre rusta til å ta gode, sjølvstendige val.

Barn sitt vern mot reklame

I utviklinga av Reklameskolen har vi òg lagt vekt på at barna skal lære kva lovar og reglar som gjeld for reklame i Noreg. Både på skolen, i sosiale medium og meir generelt.

I dag er det ikkje noko generelt forbod mot å rette reklame til barn, men dei har eit særleg vern i lovverket. Vernet gjeld ikkje berre der reklamen rettar seg direkte til barna, men òg der barna kan komme over han. Dette gjeld ofte for reklame på sosiale medium og i det offentlege rommet.

«Løp og kjøp»-reklame til barn er strengt forbode, og det er heller ikkje tillate med reklame som kan skape kroppspress. Det er òg strengare reglar på veg. EU-forordninga om digitale tenester (Digital Services Act) vil etter kvart gjelde i Noreg, og inneheld eit forbod mot målretta marknadsføring til barn. Regjeringa jobbar òg med ein gjennomgang av barn sitt forbrukarvern i digitale medium, med mål om å styrke dette.

Kunnskap er makt

Forbrukartilsynet ser positivt på lovtiltak som kan styrke barn sitt forbrukarvern, men vi meiner òg at kunnskap er makt. Derfor har vi laga Reklameskolen. No er det opp til skolen, lærarane og foreldra å ta han i bruk.

Flere artikler

Se webinar om markedsføring av kosmetiske inngrep

På webinaret vil dere få en innføring i det grunnleggende lovverket som gjelder for markedsføring av kosmetiske inngrep.