Dårleg merking av eigenreklame

Mange influensarar merkar ikkje reklame for eigne produkt og tenester, viser ein stor europeisk kontroll Forbrukartilsynet har vore med på.

Publisert:

Forbrukartilsynet deltok i fjor haust i ein stor europeisk kontroll for å avdekkje skjult reklame frå influensarar.  

Funna frå kontrollen viser at nesten alle influensarane la ut kommersielt innhald, men at berre ein femdel systematisk merka innhaldet som reklame.  

Blant influensarane som vart undersøkte, var det omtrent 40 % som viste fram eigne produkt eller tenester. Rundt 60 % av dei kontrollerte var ikkje konsekvente i merkinga av eigenreklame.  

Les EU-kommisjonen si pressemelding om funna her

Forbrukartilsynet undersøkte eit breitt utval av norske influensarar. Også her i Noreg fann vi mangelfull merking av eigenreklame. 

Blandar reklame og personleg innhald  

På influensarprofilar er reklame som regel vanskelegare å oppdaga, fordi han blir blanda saman med personleg innhald. Derfor er det viktig at innlegga blir tydeleg merka som «reklame» eller «annonse», slik at forbrukarane omgåande forstår at innlegget er reklame. Då er dei gjerne meir kritiske til innhaldet dei ser.   

Forbrukartilsynet har laga ei rettleiing om reklame i sosiale medium. Der gir vi informasjon om kva som blir rekna som reklame og korleis merke tydeleg. 

Illustrasjon av en godt merket instastory med reklame. Merkingen er stor og tydelig.
Dette er ei god merking. Merkinga er blikkfanget idet du ser biletet. Teksten er stor nok, og plassering og farge gjer han lett å sjå. Hugs! Dersom det blir lagt ut fleire «stories», skal alle innlegga vere tydeleg merka. Det er ikkje tilstrekkeleg at berre den første «storien» er merka. (Illustrasjon: Animer)
Illustrasjon av en dårlig merket instastory med reklame. Merkingen ligger skjult under brukernavnet.
Dette er ei dårleg merking. Merkinga er plassert bak brukarnamnet, og er derfor skjult for forbrukarane.
Blikket blir trukke mot teksten «Beste tørstedrikken» og namnet på annonsøren.
Merkinga skulle derfor hatt ei anna plassering. (Illustrasjon: Animer)
Illustrasjon av en dårlig merket instastory. Merkingen er liten, og i en farge som går i ett med bakgrunnen.
Dette er ei dårleg merking. Merkinga er ikkje blikkfanget, teksten er liten og i ein farge som går i eitt med bakgrunnen.
Blikket blir trukke mot teksten «Så fornøyd med nye treningsklær» og annonsøren.
Merkinga skulle derfor hatt ei anna plassering, skriftstorleik og farge. (Illustrasjon: Animer)

– Aktørane må setje seg inn i reglane  

Lova stiller krav om at reklame tydeleg skal framstå som reklame. Dette gjeld òg ved reklame for eigne produkt og tenester.   

Forbrukartilsynet har lang erfaring med å føre tilsyn med skjult reklame i sosiale medium, og har i tidlegare kontrollar også sett at mange ikkje merkar eigenreklame. 

– Mange influensarar reklamerer for eigne varer og tenester, men me ser eit stort forbetringspotensial når det gjeld å merke slike innlegg som reklame eller annonse. Her må aktørane setje seg betre inn i reglane, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.  

Funna dannar grunnlag for vidare arbeid  

Formålet med kontrollen vi deltok på, var å undersøkje om influensarar gjer det tydeleg kva innlegg som er reklame, slik dei skal etter lova.   

Funna frå kontrollen blir ein del av EU-kommisjonens «Digital Fairness Fitness Check», som skal vurdere om det er nødvendig med ny lovgiving for å gjera dei digitale marknadene tryggare for forbrukarane.  

Forbrukartilsynet kjem ikkje til å følgje opp enkeltaktørar i etterkant av kontrollen, men vil nytte funna til vidare arbeid med skjult reklame i sosiale medium. Funna skal mellom anna danne grunnlag for kven og kva me fører tilsyn med i ein framtidig kontroll.  

–  Me vil òg intensivere informasjonsarbeidet retta mot influensarar i sosiale media om krava som gjeld for eigenreklame, seier Rønningen.

Relaterte artiklar

Stor europeisk aksjon mot skjult reklame

Forbrukertilsynet deltar de neste ukene i en stor tilsynsaksjon i regi av EU-kommisjonen og nettverket av europeiske forbrukermyndigheter (CPC) for å avdekke skjult reklame hos influensere.