Forbrukartilsynet, saman med Consumer Protection Cooperation Network, har i dag oversendt eit brev til Meta om potensielle brot på europeisk forbrukarlovgiving. Meta har frist fram til 1. september 2024 for å svare på brevet.
– Arbeidet med å sikre norske forbrukarars digitale rettar er eit prioritert område for Forbrukertilsynet. Det inneber å vareta at norske forbrukarars rettar blir respekterte av internasjonale digitale plattformer, seier Bente Øverli, som er fungerande direktør i Forbrukertilsynet.
Les pressemeldinga frå EU-kommisjonen her
I november 2023 kravde Meta at europeiske forbrukarar skulle ta stilling til om dei enten ønskte å betale ein abonnementskostnad for tilgang til Facebook og Instagram, eller om dei ønskte å nytte Meta tenestene sine utan å betale, mot at dei samtykte til at Meta kunne behandle personopplysningane deira for å vise dei åtferdsbasert marknadsføring. Løysinga er blitt omtala som «Pay or Consent».
Forbrukartilsynet, saman med Consumer Protection Cooperation Network, har vurdert korleis Meta presenterte forskjellane mellom dei to forretningsmodellane til forbrukarar. Særleg om Meta gav forbrukarar klar, tydeleg og sann informasjon, slik at forbrukarar kunne ta ei gjennomtenkt avgjerd, om konsekvensane mellom å betale for eller samtykke til tenesta.
Europeiske forbrukarmyndigheiter reagerer særleg på:
- at Meta omtalar tenesta si som «gratis» når dei tener pengar på å kartlegge forbrukarar sine personopplysningar for å vise dei åtferdsbasert marknadsføring.
- at Meta utelèt vesentlege opplysningar om kva innsamlinga deira av personopplysningar inneber for den enkelte forbrukaren.
- at Meta gir opplysningar som kan forståes som at betalande forbrukarar ikkje vil sjå reklame.
- at Meta forlanger at forbrukarar tek eit umiddelbart val om å betale eller samtykke for å fortsette å nytte tenesta.
Forbrukartilsynet er medlem av Consumer Protection Cooperation Network og tek derfor opp sak saman med fleire europeiske forbrukertilsynsmyndigheter. Arbeidet leiast av den franske forbrukarmyndigheita og blir koordinert av EU-kommisjonen.