Sjølv om fleire og fleire betaler med kort, app eller andre digitale midlar, har forbrukarane i Noreg framleis rett til å betale med kontantar mange stadar. Det står i finansavtalelova . I mai 2024 endra Stortinget desse reglane. Målet var å lage tydelegare og meir konkrete reglar for kvar og når forbrukarane har rett til å betale kontant. Dei nye reglane gjeld frå 1. oktober 2024.
For at det skal bli lettare for dei næringsdrivande å vite når dei må ta i mot kontantar, har Forbrukartilsynet laga ei ny rettleiing om kontantbetaling. Du kan lese den nye rettleiinga her.
Kva er nytt?
Hovudprinsippet i dei nye reglane er at forbrukarane har rett til å betale med kontantar når dei kjøper ein vare eller tjeneste i eit fysisk salslokale. Det kan for eksempel vere når dei går inn i ein butikk. Det står i lova at lokalet må vere etablert på «fast basis». Det vil seie at du ikkje har krav på å betale med kontantar i food trucks, på festivalar og loppemarknadar eller i pop up-butikkar.
Viktige unntak
Du har ikkje krav på å betale med kontantar i automatar eller sjølvbetente butikkar. Lokale som berre ein bestemt krins av personar har tilgang til, har heller ikkje plikt til å ta i mot kontantar. Det gjeld til dømes lukka arrangement og kantiner på skolar og arbeidsplassar.
Lova har no ei grense på 20 000 kroner. Skal du betale meir enn det, har du ikkje rett til å krevje å betale kontant.
Buss og tog
Finansavtalelova gjeld ikkje betaling på buss, bane og andre transportmiddel. Derfor kan du ikkje krevje å betale med kontantar på bussen eller på toget. Men lova gjeld for billettar du kjøper i ein fysisk butikk på førehand. Viss du til dømes kjøper ein billett i ein butikk før du tek T-bana, har du rett til å betale kontant.
Vil du vite meir om kontantbetaling? Les rettleiinga vår her.