Sender du med bankkort på Norway Cup?

– Send med kort som er berekna for barn, og ikkje ditt eiget bankkort, anbefaler Forbrukarombodet når Norway cup sparkast i gang i helga.

Publisert:
Oppdatert:

Nokre foreldre lånar vekk sitt eige kort til barna når dei skal på tur, men dette er risikabelt. Vanlege bankkort berekna på vaksne, er lettare å misbruke for uvedkommande, mellom anna fordi dei opnar for netthandel og kjøp med signatur.

– Vi oppmodar difor foreldra til å ikkje sende med sine eigne betalingskort når ungane skal på til dømes Norway Cup. Medan barnekorta er tilpassa brukargruppa, er ikkje vaksenkorta eigna for barn, seier fungeranse forbrukarombod Jo Gjedrem.

Har sjekka bankane sine avtalar for barnekort

For to år sidan fekk ombodet saman med banknæringa på plass ein mønsteravtale som sikrar trygge rammer for barn under 13 år med betalingskort. Barnekorta har lågare bruks- og uttaksgrenser, og avtalen avgrensar mellom anna barnets ansvar ved tap eller misbruk av kortet. Det er difor ikkje fare for å tape store beløp sjølv om barnet mistar eller vert fråstelt kortet. Bankkort for barn under 13 år skal heller ikkje kunne nyttast ved netthandel.

I fjor sjekka Forbrukarombodet om norske bankar som tilbyr barnekort, faktisk nyttar seg av mønsteravtalen. Undersøkinga syner at dei fleste bankane  brukar mønsteravtalen, og nokon bankar gir attpåtil betre vilkår enn mønsteravtalen.

– Det er bra at bransjen respekterer at desse produkta rettar seg mot ei sårbar brukargruppe. Barn og unge har ekstra stort behov for avgrensa økonomisk risiko ved bruk av bankkort, seier Gjedrem.

Lær bort fornuftig kortbruk

Reiser barnet ditt på tur med flunkande nytt bankkort i lomma, kan det alltid vere nyttig å ta ein prat om ansvarleg kortbruk og økonomi før avreise.

Kan betale med mobil

Det blir stadig meir vanlig å kunne gjere opp for seg med betlingstenester på mobil på idrettsarrangement. Også Norway Cup opnar i år for betaling via DNB si mobilteneste Vipps på fleire utsalssteder. Det er 15-års aldersgrense for å bruke Vipps, så dette vil ikkje vere tilgjengeleg for alle.

Forbrukarombodet oppmodar foreldre til å ta ein prat med barna om trygg mobilbetaling.

– Når mobilen kan nyttast som lommebok, blir det spesielt viktig å passe godt på telefonen og å sørgje for at ikkje andre kjenner til innloggingskoden. Til liks med barnekort er mobilbetaling eit trygt og godt alternativ for unge forbrukarar så lenge det nyttast riktig, meiner fungerande forbrukarombod Jo Gjedrem.