Klar for romjulssal? Her er våre tips

Juleribba har ikkje blitt kald før butikkane lokkar med nye kampanjar. Men ver på vakt. Ikkje alt som glimrar er gull.

Publisert:
Oppdatert:

Mange av oss ser fram til å gjere gode kjøp ved inngangen til det nye året. Kanskje du har venta med å kjøpe ein ny vinterjakke til den kjem på sal, eller har eit gåvekort du vil få mest mogleg igjen for.

Annonsane har gjerne bodskap som «gjer eit kupp – løp og kjøp» eller «sjokkpris – så lenge lageret rekk».

Lokkemiddelet er ofte kor mykje prisen er redusert. Men er varer på sal, må dei først ha vore selde til den oppgjevne førprisen i eit visst omfang, slik at det er snakk om ein reell førpris.

Butikken må opplyse om reell førpris i reklamen, slik at forbrukarar  kan vurdere kva salet faktisk inneber.

Sjekk førpris

– Viss det ikkje er oppgitt ein førpris kan du ta for gitt at varen ikkje er sett ned i pris. Sjekk difor alltid at det er oppgitt ein førpris, og ta ikkje alle lovnadar om sjokktilbod for god fisk, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Forbrukarombodet er oppteken av at folk får god og riktig prisinformasjon som ikkje er villeiande. Ombodet har dei siste åra bede fleire aktørar om å rydde opp i lovstridige prisopplysingar.

Det kjem ofte nye tilbod

I mange bransjar er tendensen stadig hyppigare kampanjar. Når du blir freista av det som ser ut til å vere eit tidsavgrensa godkjøp, kan du altså minne deg sjølv på at det sjeldan er snakk om «no eller aldri».

– Mange tilbod vil dukke opp igjen. Om du er prisbevisst og ynskjer å gjere eit godt kjøp er det lurt å følgje med på prisane over tid for å vurdere om akkurat dette tilbodet er verdt å slå til på. Det kan og vere lurt å samanlikne prisen i ulike butikkar, seier Haugseth.