Smart start på studietida

Hybelkaninar og studielån ventar mange ungdommar for første gong i desse dagar. Les Forbrukarombodet sine tips for å halde orden på økonomien i studentlivet.

Publisert:
Oppdatert:

Det er mange nye ting å tenkje på når du flyttar heimanfrå for å ta til på høgare utdanning eller skulegang. Her kan lese våre råd for ein enklare og tryggare start på studietida.

Skaff deg husleigekontrakt

Når du ikkje er på lesesalen eller forelesing, er det godt å lade batteria på hybelen. Har du vore heldig og fått tildelt hybel hjå studentsamskipnaden, er du sikra ein god og balansert kontrakt.

Dersom du leiger på den private marknaden, er det viktig at du er merksam på rettane dine. Sørg for å ha ein skriftleg kontrakt. Skal du betale depositum, er det viktig at beløpet vert sett inn på ein sperra depositumskonto. Det er utleigar som skal ta kostnaden ved dette. Sjekk med den aktuelle banken kva du må ta med deg for å få opprette depositumskonto.

Unngå å finansiere studentlivet med kredittkort

Mange vert økonomisk sjølvstendige for første gong som studentar. Det er ikkje alltid enkelt å få studielånet til å strekkje til, og då kan det freiste å bruke kredittkort eller ta opp forbrukslån. Forbrukarombodet åtvarar mot dette, då slike løysingar i dei aller fleste tilfelle fører til at kvardagen blir endå dyrare.

Hugs at pengane skal betalast tilbake – gjerne med renter i tillegg.

Privat utdanning? Sett deg inn i rettane dine

Skal du studere ved ein privat utdanningsinstitusjon, er det viktig å lese nøye gjennom vilkåra i skulekontrakten. Det er spesielt viktig å merke seg kva rettar du har dersom du blir sjuk eller vel å avslutte eller ta pause frå studiane midt i skuleåret.

Du kan lese meir om rettane dine når det gjeld skuleplass og kontrakt her.

Sjekk vilkåra i treningsavtalen

Mange studentar likar å kople av frå lesinga med ei god treningsøkt, og treningssentera reklamerer for eigne studenttilbod. Ver merksam på at dei aller fleste tilboda inneber at du må binde deg til avtalen i minimum eitt år. Sjølv om det er billig å trene dei første månadane, kan avtalen samla sett kan verte ei merkbar utgift.

Forbrukarombodet oppmodar deg difor til å lese avtalevilkåra nøye før du skriv under – også det som står med lita skrift.

Meir informasjon finn du her.

Ver obs på pris og andre vilkår for medietenester

Har du planar om starte studietida med kjøp av ny mobil eller abonnement for straumetenester (streaming), Internett eller TV, er det viktig å setje seg godt inn i avtalevilkåra.

Dei fleste mobiloperatørar tilbyr pakkeabonnement for ein fast sum i månaden. Innhaldet i pakken varierer mellom dei ulike aktørane. Enkelte har tilnærma uavgrensa bruk av tale og SMS, men det er verdt å merke seg at spesialnummer, mobilsvar og tale til utlandet ikkje er medrekna.

Sett deg inn i kva det kostar å ringje til spesialnummer og frå utlandet, og kva det til dømes vil koste å bruke meir enn det som er inkludert i abonnementet ditt. Dette gjeld særleg prisen på datatrafikk etter at datamengden som er inkludert i mobilabonnementet, er brukt opp.

Enkelte abonnement inneheld også ekstratenester som strauming eller skylagring. Du bør difor samanlikne kva det kostar å kjøpe desse tenestene kvar for seg, og om abonnementet gir meirverdi i form av lågare pris eller andre fordelar.

Vel du å kjøpe ein telefon som er knytt til eit abonnement, er det viktig å vere merksam på at abonnementet mest truleg har bindingstid.

Bindingstid gjeld oftast også for Internett- og TV-abonnement, men normalt sett ikkje for straumetenester. Bindingstid er viktig å ta med i det totale reknestykket. Sjølv om du kanskje får eit godt tilbod dei første månadane, kan den totale årsprisen likevel verte høg.

Du finn også mykje nyttig informasjon og praktiske kalkulatorar på Finans Norge sine nettsider.

Flere artikler

Se webinar om markedsføring av kosmetiske inngrep

På webinaret vil dere få en innføring i det grunnleggende lovverket som gjelder for markedsføring av kosmetiske inngrep.