I eit ope brev til nasjonale og internasjonale verksemder i den digitale økonomien ber det internasjonale forbrukarnettverket ICPEN alle næringsdrivande i den digitale økonomien om å gjennomgå vilkåra forbrukarane må akseptere for å ta i bruk tenestene eller produkta deira, så dei er i tråd med lova. ICPEN består av forbrukarmyndigheiter frå meir enn 60 land, inkludert Noreg.
Nettverket ber mellom anna verksemdene om å sørgje for at vilkåra er:
- Rimelege, slik at forbrukarane sine rettar ikkje blir svekka
- Klåre, slik at den viktigaste informasjonen om produktet og kontrakten er framheva for forbrukaren
- Ikkje skjuler viktig informasjon gjennom lang tekst eller vanskeleg språk
- Følgjer forbrukarvernlovene og respekterer forbrukaranes rett til personvern
Brevet kjem som eit resultat av at Forbrukartilsynet i Noreg saman med britiske Competition and Markets Authority leiar eit fleirårig prosjekt om digitale vilkår i ICPEN.
Viktig med global handheving
– Internett er verdas viktigaste marknadsplass. Både forbrukarane og verksemdene sjølve vil tene på rimelege, klåre og lovlege vilkår i alt frå sosiale medium og appar til internettilkopla produkt, seier direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth.
Ho understrekar at selskapa og forretningsmodellane ofte er globale, er at det difor er viktig at reglane følgjast også i andre land.
– Internasjonalt samarbeid mellom styresmaktene sikrar einskapleg praksis og bidreg til at selskapa møtast av klåre krav, uavhengig av kor dei er etablert, seier Haugseth.
Internasjonal tilsynsaksjon
I februar gjennomførte eit utval av medlemslanda, inkludert Noreg, eit koordinert tilsyn for å sjekke korleis hundrevis av nasjonale og internasjonale verksemder i den digitale økonomien har utforma vilkåra sine. Forbrukartilsynet i Noreg sjekka mellom anna korleis appar blir marknadsført i app-butikkar. Under tilsynet la vi mellom anna vekt på kva slags informasjon kundane fekk om korleis appane samlar inn og behandlar forbrukardata.
Styresmaktene i mange forskjellige land fann liknande problem og potensielle lovbrot.
– Forbrukarane får ofte mangelfull informasjon om produktet dei kjøper. Vilkåra er ofte lange og uklåre, og viktig informasjon er gøymt langt ned i teksten. Mange verksemder gir heller ikkje forbrukarane dei rettane dei har krav på etter lova, seier Haugseth.
Vil følgje opp lovbrot
Forbrukartilsynet vil no diskutere med andre land korleis dei vil følgje opp selskapa som ikkje innrettar vilkåra sine i tråd med lova.
– Selskapa som ikkje innrettar seg frivillig, kan bli møtt med tilsynssaker, både frå eigen tilsynsmyndigheit, og frå tilsynsmyndigheiter i fleire land i samarbeid, seier Haugseth.