Barn og unge

Barn har vanskelegare enn vaksne for å forstå kva reklame er og for å vite når dei blir utsette for reklame. Det blir difor stilt strengare krav til reklame som er retta mot barn, som kan sjåast eller høyrast av barn eller som er av særleg interesse for barn.

Publisert:
Oppdatert:

Kva gjer vi?

  • Vi fører tilsyn med marknadsføring overfor barn og unge i ulike kanalar.
  • Vi sørgjer for at reklame ikkje direkte oppfordrar barn til å kjøpe eller til å mase på vaksne om å kjøpe.
  • Vi medverkar til at skolekontraktar som blir brukte av private utdanningsinstitusjonar er klare og balanserte.
  • Vi medverkar til at forbrukarrettane til barn blir tekne omsyn til når det kjem nye sals- og marknadsføringsmetodar.

Lær om reklame på Reklameskolen!

Skjermbilde frå Reklameskolen. Bildet viser ein gut som ligg på ein sofa. Rundt ham på alle kantar ser vi eksempel på reklame han blir utsett for.
På Reklameskolen kan du mellom anna lære om logoeksponering, produktplassering og skjult reklame.

På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet har Forbrukartilsynet laga eit digitalt opplæringsverktøy for barne- og ungdomsskolen om reklame. Verktøyet har fått namnet Reklameskolen, og inneheld både bilde, tekst, video og interaktive oppgåver.

Målet er at barn og unge skal lære korleis reklamen påverkar oss, slik at dei kan ta gode, bevisste val i møte med reklame i kvardagen.

Verktøyet er gratis tilgjengeleg for alle på reklameskolen.no.

Viktig å vite:

  • Reklame som kan sjåast og høyrast av barn:

    Det skal takast spesielle omsyn når ein reklame kan sjåast eller høyrast av barn. Dette gjeld sjølv om reklamen er meint for vaksne.

  • Direkte oppfordring til kjøp:

    Det er eit absolutt forbod mot direkte å oppfordre barn til å kjøpe eller mase på vaksne om å kjøpe noko. Sjå punkt 5.3 i denne rettleiinga.

  • Reklame i barnearenaer:

    Næringsdrivande skal vere forsiktige med å marknadsføre seg i arenaer der barn oppheld seg, som skolar og fritidsarrangement eller i appar og sosiale medium. Marknadsføringslovas regler gjer at det lett kan vere ulovleg reklame. For eksempel bør skjønnhetsklinikker være forsiktige med kva for behandlinger de marknadsfører via påvirkere med mindreårige følgere. Sjå punkt 2.2 i denne rettleiinga.

  • Skolekontraktar:

    Skolekontraktar skal ikkje gjere det vanskeleg for studentane å byte eller slutte på skolen, for eksempel ved uoversiktlege oppseiingsfristar eller høge kostnader. Kontraktane skal gi studentane gode og oversiktlege rettar.

Visste du at

  • Nesten alle barn og unge i alderen 9 – 18 år brukar YouTube (95 %), etterfulgt av Snapchat (80 %), TikTok (65 %) og Instagram (65 %)
(Kjelde: rapport fra Medietilsynet om Barn og Medier 2020 (delrapport 1))
Relevante artiklar

Se webinar om markedsføring av kosmetiske inngrep

På webinaret vil dere få en innføring i det grunnleggende lovverket som gjelder for markedsføring av kosmetiske inngrep.