Betre rettar for pakkereisande

Frå 1. juli vil forbrukarar som set saman si eiga pakkereise på nett få betre rettar når den nye pakkereiseloven trer i kraft.

Publisert:
Oppdatert:

Den nye pakkereiseloven vil føre til at langt fleire reiser vil reknast som pakkereiser. Dette betyr at du som forbrukar også har kjøpt ei pakkereise om du har sett saman ulike reisetenester sjølv hos eit nettreisebyrå, så framt reisene er kjøpt frå éin nettstad eller til ein samla pris.

Forbrukarar som har kjøpt ei pakkereise kan nyte godt av ei rekke fordelar andre reisande ikkje har:

Betre rettar

– Den nye lova vil gi mange norske forbrukarar betre rettar om noko går galt eller ferien ikkje blir som forventa. Nettreisebyråa som formidlar både transport og overnatting får med dette eit tydelegare ansvar for heile reisa, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

Her er EU si oppsummering til næringsdrivande som sel pakkereiser.

Då forslaget til ny pakkereiselov blei lagt fram for Stortinget frykta Forbrukartilsynet at den nye lova ville gi forbrukarane svekte rettar på nokre område. Men Stortinget kom fram til at dei vil gi reisegaranti også til kundar som berre kjøper flybillettar. Dei vil også sjå på mogligheita for å innføre angrerett på pakkereiser.

– Vi er glade for at Stortinget valde å behalde eit sterkt forbrukarvern for norske pakkereisekundar på desse punkta, seier Haugseth.

Må krevje erstatning frå flyselskapet

Stortinget vil ikkje gi kundane moglegheit til å krevje erstatning frå pakkereisearrangøren dersom flyet blir forsinka. I slike tilfelle må kundane krevje erstatning frå flyselskapet dei skal reise med – sjølv om dei ikkje har kjøpt reisa direkte frå flyselskapet.

– Dette svekker dessverre konseptet med pakkereiser, sidan heile poenget er at kunden skal kunne kontakte éin part for heile reisa. Vi meiner dette burde vore unngått, men må akseptere at forbrukarvernet tapte på dette punktet, seier Haugseth.

Nye standardvilkår

Forbrukartilsynet har nyleg blitt einige med Virke om oppdaterte standardvilkår for pakkereiser. Deira medlemmar vil nytte desse vilkåra når dei sel pakkereiser til forbrukarar.