Her kan du lese Forbrukarombodet sine råd for ein god start på studietida.
Pass på tidsfristane
- Hugs å takke ja til skuleplassen du vil ha, før fristen går ut.
- Betal eksamensavgift og eventuelle skulepengar i tide.
- Klaffar ikkje tidspunktet for første skuledag, bør du undersøkje om manglande oppmøte fører til at du mistar skuleplassen.
- Merk deg tidsfristane for å melde seg opp i kurs eller fag og til eksamen.
- Finn ut kor tidleg du må seie opp skuleplassen for å sleppe å betale for neste semester eller skuleår, dersom dette blir aktuelt for deg.
Finn ut kva du forpliktar deg til i skulekontrakten
- Kor mykje kostar studiet, og kva inngår i prisen?
- Måtte du ut med eit gebyr då du takka ja til skuleplassen? Undersøk om du får dette attende dersom du ombestemmer deg.
- Kor mykje må du betale dersom du seier opp skuleplassen før skulestart? Og kva kostar det dersom du seier opp etter skulestart?
- Kva reglar må du følgje dersom du vert sjuk i løpet av studietida?
- Skal du seie opp avtalen, bør du gjere det skriftleg.
- Hugs å ta vare på kontrakten og eventuelle kvitteringar ved innbetalingar til studiestaden.
Kva kan du gjere om du er misnøgd med skuletilbodet?
- Ta opp saka med skulen snarast råd. Ver konkret – kva er du misnøgd med?
- Hald skriftleg oversikt over det du er misnøgd med, til dømes mangel på undervisning, praksisplass eller rettleiing. Loggfør også når og med kven du tok opp problemet. Dette vil gjere det enklare for deg å dokumentere prosessen seinare.
- Er du framleis misnøgd etter å ha tatt opp saka med skulen, bør du klage skriftleg.
- Undersøk om skulen tilbyr at saka kan handsamast hos ei klagenemnd, og ta i så tilfelle kontakt med denne.
- Vert du ikkje samd med skulen etter å ha klaga skriftleg, kan du søkje hjelp hjå andre instansar som veit kva rettar du har. Du kan til dømes kontakte desse:
- Jusstudentar som tilbyr gratis rettshjelp (f.eks. Jussbuss)
- Studentorganisasjonar
- Gjeld klagen din villeiande marknadsføring eller urimelege kontraktsvilkår, kan du kontakte Forbrukarombodet. Forbrukarombodet kan ikkje løyse di konkrete sak, men kan hindre at framtidige studentar støyter på liknande problem.
Du kan også nytte Facebook-sida vår.