Det finst klare reglar for kva ein kan gjere og ikkje gjere, når ein arrangerer konkurransar på sosiale medium.
Vi har laga ei liste over dei viktigaste tinga du må vite:
- Det må vere klare og lett tilgjengelege konkurransevilkår.
- Det bør ikkje vere krav om å tagge ein venn for å delta.
- Det bør ikkje vere krav om at deltakaren skal dele innhaldet med vennane sine.
- Det er ulovleg å arrangere konkurransar med premiar, utan å trekke ein vinnar og dele ut premien.
- Du som annonsør har hovudansvaret for å følgje reglane i marknadsføringslova, òg i dei tilfella du bruker ein påverkar til å halde konkurransen for deg.
- Og hugs, reglane er strengare når konkurransen blir retta mot barn.
Les meir i Forbrukartilsynets rettleiar for bruk av konkurransar
Dette er dei generelle reglane, som er nedfelt i marknadsføringslova. I tillegg har Facebook, og andre sosiale medium-plattformer, sine eigne konkurransereglar. Det kan vere lurt å sjekke ut kanalen sine eigne reglar før du publiserer ein konkurranse.