Får barna lommepengar på bankkort? Dette bør du tenkje på

Kontantar er ut, betalingskort er inn – også for mange under 13 år. Men barnekort krev også god opplæring og trygge vilkår. No skal Forbrukarombodet kontrollere at bankane tek tilstrekkeleg omsyn til stadig yngre kortbrukarar.

Publisert:
Oppdatert:

Sender du borna på fotballcup eller sommarleir med eigne bankkort i sommar? Då er du ikkje åleine. Det vert stadig breiare tilbod om betalingskort for born og unge.

– Det er positivt at forbrukarar i alle aldrar får høve til å betale utan kontantar. Men vi vil samtidig oppmode foreldre og føresette om å setje seg godt inn i avtalevilkåra for bankkortet. Det er ekstra viktig for born og unge å vere trygge dersom uhellet er ute, seier fungerande forbrukarombod Jo Gjedrem.

Lær barnet ditt kortvett

Reiser barnet ditt på tur med flunkande nytt bankkort i lomma, kan det vere nyttig å ta ein prat om ansvarleg kortbruk og økonomi før avreise.

Nokre foreldre lånar vekk sitt eige kort til borna når dei skal på tur, men dette er risikabelt. Vanlege bankkort berekna på vaksne, er lettare å misbruke for uvedkommande. I tillegg opnar desse for netthandel og kjøp med signatur.

Kontrollaksjon i sommar

I februar 2014 fekk ombodet saman med banknæringa på plass ein mønsteravtale som sikrar trygge rammer for born under 13 år med betalingskort. Avtalen avgrensar mellom anna barnets ansvar ved tap eller misbruk av kortet. Bankkort for born under 13 år, skal heller ikkje kunne nyttast ved netthandel.

Sidan skuleferien er høgsesong for turar og arrangement der born og unge kanskje reiser utan foreldre, skal Forbrukarombodet i sommar kontrollere marknaden. Kontrollen skal kartleggje omfanget av bankkort for born under 13 år, og undersøkje at bankane faktisk held seg til avtalen som er framforhandla.

I tillegg skal ombodet gjennomgå nettsidene til bankane og sjå om foreldre får god nok informasjon om vilkåra for kortet og korleis borna bør lærast opp i kortvett.

– Det er særs viktig at bransjen respekterer at desse produkta rettar seg mot ei sårbar brukargruppe. Born og unge har ekstra stort behov for avgrensa økonomisk risiko ved bruk av bankkort, seier Gjedrem.

Flere artikler

Dataspill er ikke et lovtomt rom

Forbrukertilsynet har jobbet med å kartlegge dataspillmarkedet, og sett på hvilke muligheter vi har for å slå ned på blant annet urimelige inntjeningsmodeller i spill. Tirsdag 12. november deltar vi på Dataspillkonferansen 2024 for å fortelle om arbeidet vårt.