Feriemoro på kreditt?

Når flyturen er betalt og lommeboka er slunken, kan det vere freistande å unne seg litt ekstra ferieluksus med eit forbrukslån. Sjekk nøye kor mykje du faktisk må betale før du kosar deg litt ekstra på kreditt.

Publisert:
Oppdatert:

Tilbod om forbrukslån du kan få på dagen – heilt utan sikkerhet – florerer på nett og i sosiale medium. Særleg om sommaren er det lett å ramle over reklame for kjappe forbrukslån som gir deg større økonomisk fridom i ferietida. Men før du lét deg freiste til å leve ferielivet i sus og dus med raske pengar, bør du sette deg inn i kva lånet faktisk vil koste deg.

All marknadsføring av lån og kreditt skal innehalde lovpålagte opplysningar som skal gi deg svar på nettopp dette.

– Dei fleste er opptatt av kva vara dei kjøpar kostar. Om vara betalast på kreditt bør ein vere like opptatt av kva sluttprisen blir når lånet er nedbetalt, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Høge gebyr

Prisen på eit lån er ofte ein kombinasjon av renter og gebyr. Den beste måten å få oversikt over kva lånet kostar, er å sjekke den effektive renta. Den omfattar alle rentekostnadar og gebyr som skal betalast, og kjem i ein prosentsats.

Eit lån med låg rente kan vise seg å bli dyrare enn eit lån med høg rente, dersom du må betale store gebyr for etablering og avdrag. Når du samanliknar to lån, bør du derfor normalt velje det lånet som har lågast effektiv rente.

LES MEIR: Dette bør du sjå etter i reklame for lån

Hald auge med marknadsføringa

Forbrukarombodet har dei siste åra ført jamleg tilsyn for å sjekke at långivarane gir alle lovpålagte opplysningar. Sjølv om dei fleste aktørane opplyser om pris, blir ofte informasjonen gitt kjapt, med liten skrift eller med kryptiske forkortingar dei færraste forstår.

– Dei lovpålagde opplysningane bidreg til at forbrukarane kan skilje mellom gode og mindre gode tilbod. Men det er ikkje tilstrekkeleg å opplyse om lånets kostnadar om informasjonen ikkje når fram til forbrukarane, seier Haugseth.

Nye reglar for kredittreklame

1.juli i år trådde nye reglar for marknadsføring av kreditt i kraft. Endringane inneber mellom anna at det no er blitt ulovleg å framheve i marknadsføringa kor raskt og enkelt det kan vere å få kreditt. Meir konkret er det ikkje lenger lov å framheve:

  • Kor raskt kunden kan få kreditt til disposisjon
  • Kor raskt han kan få svar på ein førespurnad om kreditt
  • At det er låg terskel for å få kreditt
  • At det er ein enkel søknadsprosess
Flere artikler

Klarna må betale tvangsmulkt om de ikke endrer sin betalingsløsning

Forbrukertilsynet mener Klarna Bank AB bryter loven ved å tilby betalingsløsningen «Kjøp nå, betal senere». Derfor har vi fattet vedtak om at Klarna må følge loven, og betale tvangsmulkt hvis de ikke legger om hele betalingsløsningen.