Forbrukartilsynet gir tre straumselskap gebyr for ulovlege billegastpåstandar

Forbrukartilsynet varsla i desember 2021 straumselskapa Nordlysenergi AS, Agva Kraft AS og Motkraft AS om lovbrotsgebyr for ulovleg bruk av påstandar om å vera billegast, og dessutan forbod mot bruk av slike påstandar framover. Selskapa har ikkje kunne legge fram dokumentasjon som viser at desse påstandane er sanne. Forbrukartilsynet har no fatta vedtak i sakene.

Publisert:
Oppdatert:

Lovbrotsgebyr

Motkraft AS blir gitt eit lovbrotsgebyr på kr 400 000, Nordlysenergi AS blir gitt eit lovbrotsgebyr på kr 1 000 000 og Agva Kraft AS blir gitt eit lovbrotsgebyr på kr 1 500 000 for bruk av udokumenterte billegastpåstandar i marknadsføringa si.

– Ved marknadsføring med bruk av påstandar om å vera billegast, er det viktig for forbrukarane at påstanden er sann. Dersom næringsdrivande marknadsfører seg som billegast utan faktisk å vera det, kan forbrukarar risikera å ta kjøpsval på feil grunnlag, seier direktør Trond Rønningen i Forbrukartilsynet.

Vidare uttaler Rønningen følgjande:

– Med dei høge straumprisane som har vore det siste året, ser på Forbrukartilsynet det som spesielt viktig at straumleverandørane overheld forbodet i markedsføringsloven mot villeiande marknadsføring.

På bakgrunn av ei heilskapsvurdering i den enkelte saka er storleiken på alle lovbrotsgebyra auka frå det som Forbrukartilsynet varsla i desember. Gebyra mot dei tre selskapa er av ulik storleik, mellom anna fordi alvora av lovbrota varierer og fordi dei økonomiske forholda til selskapa er ulike.

Forbodsvedtak for å hindra lovbrot i framtida

Forbrukartilsynet sende vinteren og våren 2021 brev til fleire straumselskap som etter vårt syn hadde sett fram tvilsame billegastpåstandar i marknadsføringa si, mellom anna til Nordlysenergi AS og Agva Kraft AS. Trass i denne dialogen, haldt Nordlysenergi AS og Agva Kraft AS fram med å bryta lova i stort omfang.

Trond Rønningen, Direktør i forbrukertilsynet. Foto: Dag Jenssen/Forbrukertilsynet

Nordlysenergi AS har òg fortsett bruken av billegastpåstandar etter at Forbrukartilsynet varsla vedtak i saka.

I tillegg til å ilegga lovbrotsgebyr for lovbrota som allereie er gjort, har Forbrukartilsynet derfor òg fatta forbodsvedtak med tvangsmulkt mot Nordlysenergi AS og Agva Kraft AS. Dersom eit av selskapa fortset å nytta billegastpåstandar i marknadsføringa si som dei ikkje kan dokumentera at er sanne, vil selskapet verta gitt ei tvangsmulkt på kr 500 000 for kvar veke dei bryt vedtaket.

Også gebyr til styreleiar og dagleg leiar for medverknad til lovbrot

I tillegg til vedtaka mot dei tre selskapa, har Forbrukartilsynet fatta vedtak om gebyr på kr 200 000 mot Stefan Manov, styreleiar og dagleg leiar i Nordlysenergi AS, og Finn Erik Gaarder Arctander, styreleiar og dagleg leiar i Agva Kraft AS. Lovbrota består i at Manov og Arctander har medverka til at straumselskapa nytta villeiande billegastpåstandar i marknadsføringa si, i strid med markedsføringsloven.

– Styreleiar og dagleg leiar i kvart selskap har eit viktig ansvar med tanke på å sikra gode nok rutinar for å hindra brot på gjeldande lover og reglar, mellom anna for å hindra brot på markedsføringsloven. Når det gjeld Manov og Arctander meiner vi at dei, i kraft av rollene sine i selskapa, i realiteten står bak lovbrotet til selskapa, seier Rønningen.

Fakta:

Lovbrotsgebyr er ein sanksjon som blir for gitt lovbrot som allereie er begått.

Formålet med eit forbodsvedtak er å forhindra tilsvarande lovbrot framover i tid.

Flere artikler

14 straumselskap må betale 100 000 i veka viss dei bryt lova igjen

I vår fann Forbrukartilsynet lovbrot hos alle straumselskapa vi kontrollerte. No må 14 av selskapa betale 100 000 i veka viss dei bryt lova på nytt.