Forbrukartilsynet reagerer på ulovleg SMS-marknadsføring

Forbrukartilsynet ber Bilklager AS om å stanse ulovleg marknadsføring og rydde opp på nettstaden bilklager.no

Publisert:

På kort tid har 69 forbrukarar klaga til Forbrukartilsynet på marknadsføring frå Bilklager AS, eit selskap som tilbyr bistand i klagesaker. Forbrukarane hevdar at dei har fått SMS-ar med marknadsføring utan å ha gitt samtykke til dette på førehand. Dette er ulovleg ifølgje § 15 i markedsføringsloven.

­– Reglane for direktemarknadsføring er klare. Dersom du skal sende forbrukarar reklame på SMS, må du ha fått samtykke på førehand,

seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

Forbrukartilsynet meiner altså at SMS-marknadsføringa er lovstridig. Tilsynet har derfor bedt Bilklager AS om å stoppe utsendinga av direktemarknadsføring på SMS med ein gong.

Villeiande

På bakgrunn av dei 69 klagane har tilsynsavdelinga i Forbrukartilsynet òg undersøkt innhaldet i SMS-meldingane. I ein SMS som oppfordrar mottakarane til å melde seg for å få erstatning i samband med den såkalla Dieselgate-skandalen, meiner tilsynet at viktige opplysningar er utelatne. Meldinga inneheld til dømes ingen opplysningar om kva slag teneste selskapet tilbyr, eller om kor mykje tenesta kostar.

– Denne verksemda tilbyr bistand mot betaling. Det handlar altså om sal av tenester. Da må pris og andre vesentlege opplysningar om tenestene komme klart fram i marknadsføringa, seier Rønningen.

Forbrukartilsynet fann òg villeiande formuleringar i marknadsføringa. I SMS-en står det at eigarar av ei rekke bilar nå har siste frist for å krevje erstatning på ca. 35000. Dette gir inntrykk av at desse bileigarane har eit krav på erstatning etter Dieselgate. Forbrukartilsynet meiner dette er villeiande, fordi nye krav etter Dieselgate vil vere forelda ifølgje norsk lov.

Også på nettstaden bilklager.no fann Forbrukartilsynet villeiande opplysningar og påstandar som ikkje er dokumenterte. I tillegg manglar informasjon om angreretten.

Verksemda må rydde opp

I brevet ber Forbrukartilsynet Bilklager AS om å gå gjennom marknadsføringa, sørgje for at alle opplysningar er sannferdige, og at dei gir tilstrekkeleg informasjon om tenesta på ein klar, forståeleg utvitydig måte. Selskapet får òg beskjed om å leggje fram dokumentasjon på udokumenterte påstandar, og leggje informasjon om angreretten lett tilgjengeleg på nettstaden.

Forbrukartilsynet ber Bilklager AS om å svare på brevet seinast 26. august. Innan den fristen skal verksemda òg gjennomføre dei endringane tilsynet har bedt om.

Flere artikler

Risikerer bøter etter ulovlig utsending av SMS

Forbrukertilsynet har nå varslet personen bak bilklager.no om forbudsvedtak med tvangsmulkt etter at han gjentatte ganger har markedsført via SMS uten forhåndssamtykke.