Forbrukartilsynet vil ha betre kredittvurderingar

Grundige kredittvurderingar er etter vårt syn eitt av dei viktigaste tiltaka for å førebyggje gjeldsproblem og den voksande andelen kredittkortgjeld i norske heim. Det er eitt av innspela Forbrukartilsynet har gitt i vårt høyringssvar til den nye forskrifta om forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån.

Publisert:
Oppdatert:

Forbrukartilsynet har sett fleire døme på at finansføretaka ikkje hentar inn gode nok opplysningar om kundens inntekt og relevante utgiftar. I mange tilfelle blir det brukt ei forenkla kredittvurdering før det gis kreditt.

– Det er eit problem at mange i dag får forbrukslån som openbart ikkje burde hatt det, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

– Kredittytarar har plikt etter lova til å sjekke forbrukarens kredittverdigheit før ein inngår avtale. Vi håper presiseringa i denne forskrifta vil legge lista høgare for å få forbrukslån.

Retningslinjer ikkje nok

Utkastet til forskrift er utarbeida av Finanstilsynet på oppdrag frå Finansdepartementet. Forbrukartilsynet har tidlegare gitt full støtte til Finanstilsynets utkast til retningslinjer for forbrukslån i 2017, men framleis har mange finansføretak ikkje innretta seg etter retningslinjene.

– Derfor meiner vi det er viktig å forskriftsfeste disse retningslinjene og vi støttar i all hovudsak innhaldet som er føreslått, med enkelte unntak, seier Haugseth.

– Eitt svakt punkt i Finanstilsynets utkast til forskrift er at dei opnar for at kredittytarar kan fråvike forskrifta i visse tilfelle. Vi meiner dette er i strid med finansavtalelova og ønskjer at denne moglegheita blir innskrenka.