- 1914–1973: Marknadsføringslova har røter i Noregs første konkurranselov frå 1922 og provisoriske lover om maksimalprisar frå 1914. Prisdirektoratet, seinare Statens pristilsyn, hadde ansvaret for dei tidlege reglane.
- 1973: Konkurranselova av 1922 bli avløyst av den første marknadsføringslova, og Forbrukarombodsmannen (seinare Forbrukarombodet) og Marknadsrådet blir oppretta. Inger Louise Valle blir Noregs første forbrukarombodsmann.
- 1978: Reglane om kjønnsdiskriminerande marknadsføring blir innført i marknadsføringslova i samband med vedtak av likestillingslova.
- 1981: Forbod mot urimelege avtalevilkår kjem inn i marknadsføringslova. Forbrukarombodsmannen fekk nemninga Forbrukarombodet.
- 1985: Prisdirektoratet og Pristilsynet får i oppdrag å handheve den nye kredittkjøpslova med forskrifter. Pristilsynet medverkar til handheving av marknadsføringslova.
- 1991: Marknadsrådet og Forbrukarombodet får tilsyn med delar av det nye regelverket for kringkastingsreklame.
- 1995: Heimel til å fastsetje tvangsgebyr ved brot på vedtak trefte av Forbrukarombodet og Marknadsrådet blir ført inn i lova.
- 1997: Marknadsføringslova fekk ei eiga «etikkbestemming»: forbod mot marknadsføring i strid med god marknadsføringsskikk.
- 2000: Direktiva om samanliknande reklame og fjernsal blir implementerte i marknadsføringslova.
- 2001: Konkurransetilsynet blir omorganisert, og lokalkontora blir lagde ned. Fire saksbehandlarar blir overførte til Forbrukarombodet, som med dette får eit Trondheims-kontor. Forbrukarombodet får tilsynet med kredittkjøpslova (seinare innarbeidd i finansavtalelova kapittel 3 med forskrifter).
- 2003: Marknadsrådet og Forbrukarombodet får tilsynet med forskrift om marknadsføring av alternativ behandling.
- 2007: Samarbeidsforordninga blir implementert i norsk rett ved endringar i marknadsføringslova. Denne pålegg forbrukarmyndigheitene i EU-land å samarbeide om å stoppe brot på den europeiske forbrukarvernlovgivinga der forbrukarar er i eitt land og næringsdrivande i eit anna.
- 2009: Ny marknadsføringslov. Denne implementerer EU-direktivet om urimeleg handelspraksis (2005/29/EF) i tillegg til eldre reglar frå blant anna direktivet om urimelege avtalevilkår. Det meste av marknadsføringsretten blei frå 2009 dermed felles for alle EU/EØS-land. Det blir òg teke inn heimel for Marknadsrådet og Forbrukarombodet til å fatte vedtak om gebyr ved brot på visse føresegner i den nye lova.
- 2014: Ny lov om angrerett og enkelte endringar i marknadsføringslova, forbrukarkjøpslova og avtalelova vedtekne for å implementere EUs forbrukarrettsdirektiv (2011/83/EU).
- 2015: Trondheims-kontoret blir lagt ned på grunn av naturleg aldersavgang.
- 2018: Forbrukarombodet endrar namn til Forbrukartilsynet. Forbrukartilsynet kan fatte vedtak mot næringsdrivande sjølv, medan Marknadsrådet blir klageorgan. Forbrukartilsynet kan også fatte vedtak i saker utan å forhandle med næringsdrivande først.
Forbrukarombod
2016 – Elisabeth Lier Haugseth
2010 – 2016: Gry Nergård
2000 – 2010: Bjørn Erik Thon
1995 – 2000: Torfinn Bjarkøy
1987 – 1995: Kjersti Graver
1986 – 1987: Erik Boe
1976 – 1986: Hans Petter Lundgaard (konstituert fra 1976 – 1981)
1974 – 1975: Charles Philipson (konstituert)
1973 – 1981: Inger Louise Valle