Gåvekort til konfirmanten? Dette bør du sjekke!

Det er tid for konfirmasjon, og mange vel å gi gåvekort i staden for pengegåver. Her er Forbrukarombodets råd til kva du bør tenkje på om du skal kjøpe eit gåvekort.

Publisert:
Oppdatert:

Dei fleste butikkar og kjøpesenter sel i dag ulike typar gåvekort til forbrukarane. Før du kjøper eit gåvekort til konfirmanten bør du sjekke vilkåra nøye.

– Mange vel å gi eit gåvekort i staden for kontantar. Men då bør ein forsikre seg om at pengane kan bli brukt i ein butikk konfirmanten ønskjer, og at høge gebyr ikkje et opp beløpet du tenkjer å gi, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Dette bør du sjå etter: