Ikkje gå i treningsfella

«Sommarkroppen 2014» har vorte eit omgrep i media, og stadig fleire nyttar fritida på å komme i form. Men skal du teikne medlemskap på treningssenter, bør du sjå ekstra nøye på den vesle skrifta i sommartilbodet.

Publisert:
Oppdatert:

Når sola steikjer og badestranda kallar, er det lett å bli ekstra merksam på kropp og sunnheit. Sommar er høgsesong for verving av nye medlemmar til treningssenter, og konkurransen i marknaden kan gje gunstige prisar. Men det er lurt å tenkje seg om før ein hoppar på eit freistande tilbod.

– Set deg godt inn i vilkåra før du skriv under på ein avtale. Ikkje bind deg til eit medlemskap på staden dersom du ikkje er heilt sikker på vilkåra. Sjå spesielt etter bindingstid og oppseiing, opplysingar som gjerne står med lita skrift, seier forbrukarombod Gry Nergård.

«Tren gratis ut månaden!»

Seljarane som står på stand for treningssentra, har ofte forlokkande tilbod om gratis startperiode eller nedsett pris. Her bør du vere særs nøyen med å sjå etter vidare bindingstid, då dette ofte er måten eit spenstig tilbod blir lønsamt for motparten på.

Når det gjeld oppseiing, opererer enkelte treningssenter med krav til at du skriv brev eller møter opp personleg. Sjølv om dette lovmessig ikkje er noko du må rette deg etter, er det lurt å ha skriftleg dokumentasjon på oppseiinga om det skulle oppstå usemje.

– Det er lurt å samanlikne tilbod frå fleire aktørar, slik at du får den treningsavtalen som høver deg best. Treningssentra freistar med ulike vilkår og tenester, så her løner det seg å vere ein medviten forbrukar, seier Nergård.

Sju smarte oppvarmingstips

1. Kva kostar det å trene, medrekna startavgift og alle gebyr som blir lagt på?

Kva er totalprisen, og  har du råd til dette i heile avtaleperioden? Må du betale ekstra for å ta del i gruppetimar eller liknande?

2. Krev senteret bindingstid? Kor lang er i så fall denne?

Forbrukarombodet rår generelt forbrukarar til ikkje å inngå avtalar med lengre bindingstid enn eitt år. Hugs at du må betale for heile bindingstida!

3. Kva skjer når bindingstida går ut?

Korleis må du seie opp avtalen, og kor lang er oppseiingstida? Dei fleste treningskontraktane har løpande oppseiing etter bindingstida. Om  du ønskjer å melde deg ut, må du dermed aktivt gje beskjed om dette. Å slutte å betale er ikkje det same som å seie opp.

4. Kan du «fryse» avtalen dersom du har behov for det? Kva vilkår gjeld for dette?

Mange treningssenter krev at du har sjukemelding frå lege for å få innvilga søknad om «frysing».

5. Kjøper du tilgang til treningstilbod og opningstider som passar for deg?

Er du usikker, bør du finne ut av dette før du inngår avtale om bindingstid. Hugs at om du først har skrive under på ein treningskontrakt med bindingstid, krev treningssenteret betaling frå deg i heile bindingstidsperioden, sjølv om du ikkje nyttar treningstilboda deira.

6. Gir senteret prøvetime, prøvemedlemskap eller rett til å avbestille?

Det kan vere lurt å stille dette som vilkår, slik at du unngår binding å bli bunden til ein lang avtale dersom senteret ikkje svarar til forventingane dine. Gjer deg i så fall kjend med kva som skal til for at du blir bunden til ein eventuell avtale.

7. Har du lese nøye gjennom heile kontrakten?

Viss ikkje, risikerer du å skrive under på noko du ikkje ønskjer å godta. Difor bør du ta deg tid til å lese gjennom heile kontrakten. Legg særleg vekt på reglar for betaling, oppseiing og eventuell frysing av medlemskapet. Be om å få med deg eit eksemplar av kontrakten heim slik at du kan lese gjennom vilkåra i ro og mak, før du skriv under.

Hugs: Om du inngår treningsavtalen på stand eller over Internett, har du som hovudregel 14 dagars angrerett. Du kan lese meir om angrerett på Forbrukarrådet sine nettsider.

Flere artikler

Orienterer treningssentrene om kundenes rettigheter

Forbrukertilsynet har sendt orienteringsbrev til de største treningskjedene etter at sentre i flere deler av landet måtte stenge som følge av de nye korona-tiltakene som ble innført denne uken.