Internasjonal sak blir opna mot Meta for «betal eller samtykk»-løysing

Forbrukartilsynet deltek i behandlinga av ei grensekryssande tilsynssak mot Meta, kor det blir undersøkt om Meta sin "Pay or Consent"-løysing er i strid med europeisk forbrukarlovgiving.

Publisert:
Oppdatert:

Forbrukartilsynet, saman med Consumer Protection Cooperation Network, har i dag oversendt eit brev til Meta om potensielle brot på europeisk forbrukarlovgiving. Meta har frist fram til 1. september 2024 for å svare på brevet.

– Arbeidet med å sikre norske forbrukarars digitale rettar er eit prioritert område for Forbrukertilsynet. Det inneber å vareta at norske forbrukarars rettar blir respekterte av internasjonale digitale plattformer, seier Bente Øverli, som er fungerande direktør i Forbrukertilsynet.

Les pressemeldinga frå EU-kommisjonen her

I november 2023 kravde Meta at europeiske forbrukarar skulle ta stilling til om dei enten ønskte å betale ein abonnementskostnad for tilgang til Facebook og Instagram, eller om dei ønskte å nytte Meta tenestene sine utan å betale, mot at dei samtykte til at Meta kunne behandle personopplysningane deira for å vise dei åtferdsbasert marknadsføring. Løysinga er blitt omtala som «Pay or Consent».   

Forbrukartilsynet, saman med Consumer Protection Cooperation Network, har vurdert korleis Meta presenterte forskjellane mellom dei to forretningsmodellane til forbrukarar. Særleg om Meta gav forbrukarar klar, tydeleg og sann informasjon, slik at forbrukarar kunne ta ei gjennomtenkt avgjerd, om konsekvensane mellom å betale for eller samtykke til tenesta.

Europeiske forbrukarmyndigheiter reagerer særleg på:

Forbrukartilsynet er medlem av Consumer Protection Cooperation Network og tek derfor opp sak saman med fleire europeiske forbrukertilsynsmyndigheter. Arbeidet leiast av den franske forbrukarmyndigheita og blir koordinert av EU-kommisjonen.