Jul på kreditt

Er julegåvekontoen tom? Ver forsiktig om du planlegg å ta resten av julehandelen på kreditt.

Publisert:
Oppdatert:

Å kjøpe i dag og betale i morgon kan vere freistande, særleg når kjøleskap og nissesekk skal fyllast før jul. Nordmenn tek opp stadig meir forbrukslån, og mange av desse låna går kvart år til inkasso.

Hugs at alt skal betalast tilbake

Før du vel å ta julehandelen på kreditt, bør du tenkje på korleis økonomien ser ut når fakturaen frå kredittkortselskapet kjem i januar.

– Ver bevisst på at lånet skal betalast ned. Dersom du ikkje kan innfri heile gjelda og rentene byrjar å leggast til lånet, blir julegåvene fort mykje dyrare enn du såg for deg, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

AGGRESSIV REKLAME: Forbrukslån er svært dyre lån. Reklamen bør difor ikkje spele på impulsiviteten vår eller lokke med bonusar og rabattar, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Påtrengjande reklame

Forbrukarombodet er bekymra for det vi opplever som ein stor auke i reklame for forbrukslån. Vi håpar regjeringa strammar inn reglane for kredittreklame slik vi tidlegare har foreslått. Dette er også i tråd med  konklusjonen frå ei utgreiing utført på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet.

– Forbrukslån er ofte svært dyre lån. Reklamen bør difor ikkje spele på impulsiviteten vår eller lokke med bonusar og rabattar. Vi trur ein meir nøktern marknadsføring av denne typen lån kan bidra til å dempe låneopptaket som endar i misleghald, seier Haugseth.

Gjeldsregister

Forbrukarombodet støttar også regjeringa sitt forslag om gjeldsregister, men meiner registeret må inkludere alt frå større lån til smålån og kjøp på avbetaling.

– Dette vil gjere det enklare for bankane å hindre at personar tek opp for mykje lån og hamnar i betalingsproblem, seier Haugseth.

Julehandelen på kreditt? Her er våre råd:

  • Sjekk prisen. Effektiv rente og totalpris har med alle kostnader.
  • Sjekk gebyra. Dersom du tek ut kontantar eller overfører pengar frå kredittkort til brukskonto, vil det normalt koste meir enn ved varekjøp. Sjekk prislista for ditt kort.
  • Ver obs på gebyr i butikken. Nokre nettbutikkar krev gebyr ved betaling med bestemte kort. Butikken må i tilfelle opplyse kundane om dette.
  • Sjekk fakturaen. Enkelte kredittkort fakturerer berre for eit minste månadsbeløp, i staden for heile den uteståande kredittkortgjelda. Betalar du berre minstebeløpet, vil renta byrje å laupe på resten av gjelda. Ver spesielt obs på dette om du brukar e-faktura eller avtalegiro.
  • Kredittkort kan gi ekstratryggleik. Betalar du med kredittkort når du handlar på internett, har du som forbrukar rett til å krevje kjøpesummen tilbakebetalt frå kredittytaren om varen ikkje dukkar opp eller har manglar. Det same gjeld dersom nettbutikken går konkurs før varen eller tenesta blir levert. Også Visa lovar å gi deg pengane tilbake om varer kjøpt på nett ikkje dukkar opp.